Utanfor Runde Miljøsenter er det etablert eit mobilt, containerbasert anlegg til mottak og behandling av svartvatn frå vakuumtoaletta ved senteret. Her er det fokus på gjenvinning av energi og næringsstoff frå avløpsvatn. Anlegget sitt kjerneelement er ein såkalt ABR-reaktor (anaerobic baffel reactor) som omdannar storparten av det organiske stoffet frå kloakken til biogass. Biogassen vert igjen omdanna til varmeenergi i ein gassbrennar. Denne varmen utgjer omtrent 80% av energien som krevst for å drifte anlegget, noko som tyder at reaktoren er svært energieffektiv samanlikna med eit konvensjonelt kloakkrenseanlegg.   Reduserer slammengda med 90% Utløpet frå ABR-reaktoren skal gjennom ei såkalla etterpolering i kolfilter som gir ei nær partikkelfri væske som er venta å vere godt innanfor utsleppskrava til mindre sårbare område i henhold til EU sitt vassdirektiv. Hovudfokuset i pilotanlegget på Runde er fjerning av organisk stoff og gjenvinning av energi. Ei eventuell fjerning og gjennvinning av næringstoffa frå svartvatnet kjem i neste steg. Sluttproduktet vert då flytande gjødsel som kan brukast til ulike formål.   Utvikla i samarbeid med NMBU Ecomotive AS er forskings- og utviklingsselskapet i Jets-konsernet med base på Hareid. Selskapet har 5 heiltidstilsette og jobbar hovudsakleg med kjeldeseparerande og kretsløpsbaserte renseløysingar. Dagleg leiar Ottar Håkonsholm i Ecomotive har vore tett på utviklinga av anlegget som no skal i drift ved Runde Miljøsenter. - Vi har jobba med denne typen teknologi i halvanna år i ulike laboratorieoppsett ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås, NMBU. Høgskulen i Søraust-Noreg, HSN, har vore ein viktig samarbeidspartnar i dette arbeidet. No er tida koma for å teste ut eit anlegg i full skala slik at vi kan skaffe oss driftserfaring frå reelle driftstilhøve og samle data for vidare utvikling. Målet er å kunne levere anlegg som gjenbrukar energi- og næringsstoffressursar i svartvatn effektivt.   Posteren i pdf: kontainerskilt_no_en_de Foto: Lars Golmen