Utanfor Runde Miljøsenter er det etablert eit mobilt, containerbasert anlegg til mottak og behandling av svartvann frå vakuumtoalett med fokus på gjenvinning av energi og næringsstoff. Anlegget sitt kjerneelement er ein såkalla ABR-reaktor (anaerobic baffel reactor) som omdannar storparten av organisk stoff som finnes kloakken til biogass.

 

Biogassen vert omdanna igjen til varmeenergi i en gassbrenner. Denne varmen utgjer omtrent 90 % av energien som trengs for å drifte anlegget som betyr at den er svært energieffektiv samanlikna med et konvensjonelt kloakkreinseanlegg. Reaktoren reduserer slammengde med nesten 75 %.

 

Vere innanfor utsleppskrava til mindre sårbare område
Utløp frå ABR-reaktoren skal gjennom ein etterpolering i eit kullfilter som gir ein tilnærma partikkelfri væske som vert forventa å vere godt innanfor utsleppskrava til mindre sårbare områder i henhold til EU sitt vassdirektiv.

Hovudfokus i pilotanlegget på Runde er fjerning av organisk stoff og gjenvinning av energi. Ein eventuell fjerning og attvinning av ulike næringsstoff blir i neste steg. Sluttprodukt blir da flytende gjødsel som kan brukast til ulike formål.

 

Ecomotive er eit forskings- og utviklingsselskap i Jetskonsernet. Selskapet har 5 heiltidstilsette og arbeidar hovudsaklig med kjeldeseparerande / kretslaupsbaserte reinseløysingar.

Runde-Miljøsenter-JETS.pdf

Dei har arbeidd med denne type teknologi i halvanna år med ulike lab-oppsett nede på Ås (NMBU)

Tida er no komen for å teste ut ein fullskala, for å skaffe driftserfaring og samle data.

Målet er å levere eit reinseanlegg som slepp tilførsel av energi og  gjerne produsere meir energi enn berre til drifting.

 

Les meir i vestlandsnytt