Ta turen til Runde i påska!

Bli med på kjekke aktivitetar for barn og vaksne

  • Skattejakt - kart kan kjøpast i kafeen
  • Påskeeggjakt - kart kan kjøpast i kafeen
  • Overnattingspakke med familiebillett til Sunnmørsbadet
  • Sel- og sjøfuglsafari med båt frå Runde hamn
  • Sjå Rundskatten, filmen Havets sølv og sjøfuglane i utstillinga
  • Open kafé med kaffi, kake og middag
  • Ringspel, rebus, dart og teiknesaker for barn

OPNINGSTIDER OG PROGRAM

Palmesøndag 25 mars.

Kl. 11 - 17 Ope kafé og utstilling. Middag frå 13 til 16.

Kl. 11 - 17 Skatte- og påskeeggjakt. Kart for sal i kafeen.

Skjærtorsdag 29 mars.

Kl. 11 - 17 Ope kafé og utstilling. Middag frå 13 til 16.

Kl. 11 - 17 Skatte- og påskeeggjakt. Kart for sal i kafeen.

Langfredag 30 mars.

Kl. 11 - 17 Ope kafé og utstilling. Middag frå 13 til 16.

Kl. 11 - 17 Skatte- og påskeeggjakt. Kart for sal i kafeen.

Kl. 12 og 13:30 Sel- og sjøfuglsafari. Billettar for sal i kafeen. 

Påskeafta 31 mars.

Kl. 11 - 17 Ope kafé og utstilling. Middag frå 13 til 16.

Kl. 11 - 17 Skatte- og påskeeggjakt. Kart for sal i kafeen.

1. påskedag 1 april.

Kl. 11 - 17 Ope kafé og utstilling. Middag frå 13 til 16.

Kl. 11 - 17 Skatte- og påskeeggjakt. Kart for sal i kafeen.

Overnattingspakke på Runde Miljøsenter i påska

- Leilegheit for inntil fem personar

- Familiebillett til Sunnmørsbadet


1 natt kun kr. 2050,-

2 netter kun kr. 4100,-

3 netter kun kr. 5190,-

INKLUDERT I PRISEN

  • Familiebillett til Sunnmørsbadet, 
    1 dag*
  • Oppreidde senger, handklede og vask av leilegheit ved avreise
  • Gratis parkering og internett

Oppgi i feltet "kommentar og ønsker" ved bestilling kor mange vaksne og barn som skal ha billett til Sunnmørsbadet. 

Familiebillett for inntil 2 vaksne og 3 barn eller 1 vaksen og 4 barn.​

Aktivitetar

Det blir ei spanande familiepåske på Runde. Runde Miljøsenter arrangerer både jakt etter påskeegga på fuglefjellet og jakt etter Rundeskatten. Både egga og skattane er gøymde på ulike stader på Runde, på fjellet eller i låglandet. Kart som kan gi familiane peikepinn om kvar dei skal finne påskeegg og skattar får dei kjøpt i kafeen på Miljøsenteret.

​Av organiserte aktivitetar så kan du bli med på sel- og sjøfuglsafari. Er vi heldige kan vi kome tett på havert og steinkobbe som det er mange av utanfor Runde. 

Påskepakke for inntil sju personar

kun kr. 300,-

Sal av kart i kafeen.

INKLUDERT I PRISEN

  • Billettar til utstillinga
  • Kart til skattejakt
  • Kart til påskeeggjakt

Skattejakt for inntil sju personar

kun kr. 100,-

Sal av kart i kafeen.

INKLUDERT I PRISEN

  • Kart til skattejakt


Påskeeggjakt for inntil sju personar

kun kr. 100,-

Sal av kart i kafeen.

INKLUDERT I PRISEN

  • Kart til påskeeggjakt


Steinkobbe og tareskog

Sel- og sjøfuglsafari 30 mars

Bli med på ein tur med båten Lophelia til Grasøyane utenfor Runde. Her kan du sjå både havert og steinkobbe. Kanksje du også får sjå havsula stupe ned i sjøen og alke og lomvi som duppar på bølgjane. Turen tek omlag 1,5 timar. Avreise frå Runde hamn kl. 12:00 og 13:30. Ved fullt på første avgang får du reise på avgang kl. 13:30,

​Billettar

Vaksen: kr 250,-
Barn (4-12 år): kr 150,-
Berre sal av billetter i kafeen på Runde Miljøsenter før avgang.

Turen går med atterhald om godt vêr og minimum fem påmeldte.

Sjå utstillinga om Rundeskatten

«Havets sølv» er ein storslått film om gigantiske sildestimar, ein skjør kyst og havdjupets fantastiske drama. Sjå filmen på storskjerm i auditoriet.

Sjå Rundeskatten og fuglane

Utstillinga fokuserer på informasjon om miljø, klima, naturen på øya, næringslivet i regionen m.m. Det er ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725. Vi visar også den mykje omtalte dokumentaren "Havets sølv" som er spilt inn på Runde. 

​Billettar

Vaksen: kr 85,-
Barn: kr 35,-
Pensjonist/ student: kr 55,-
Familie: kr. 200,-
Grupper: (frå 15 pers.) kr. 55,- per pers.

Mat frå havet på Runde Miljøsenter.

Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet.

Spis eit måltid i havgapet

I kafeen sel vi kaker, kaffi/ te og kioskvarer. Middag frå kl. 13. Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer.

Fjelltur med 360 graders havutsikt

Fjelltur med 360 graders havutsikt

Fjelltur på Runde

På Runde finn du fleire stiar som egnar seg for korte og lange turar. På ut.no kan du få mange gode tips til kor du kan gå. 

Ekte glede for små og store i det våte element.

Ekte glede for små og store i det våte element.

Besøk Sunnmørsbadet

Bestiller du overnatting i påskeferien på Runde Miljøsenter spanderer vi ein familiebillett til Sunnmørsbadet. Nyt ein dag i det våte element. Det er kjekt for store og små.

Billett finn du i leilegheita og kan nyttast under oppholdet.   

Opningstider Sunnmørsbadet
Her kan du sjå opningstider.

Oppgi i feltet "kommentar og ønsker" ved bestilling kor mange vaksne og barn som skal ha billett til Sunnmørsbadet. 

Familiebillett for inntil 2 vaksne og 3 barn eller 1 vaksen og 4 barn.​