Ta turen til Runde i påska!

Bli med på kjekke aktivitetar for barn og vaksne

  • Skattejakt - kart kan kjøpast i kafeen
  • Påskeeggjakt - kart kan kjøpast i kafeen
  • Sjå Rundskatten, filmen Havets sølv og sjøfuglane i utstillinga
  • Sjå utstillinga om plasten i havet - fri inngong
  • Overnattingspakke med familiebillett til Sunnmørsbadet
  • Open kafé med kaffi, kake og middag

Opningstider påska 2017

Palmesøndag

11-17

Skjærtorsdag

11-17

Langfredag

11-17

Påskeafta

11-17

1. påskedag

11-17

Middag frå 13-16 kvar dag i påska

Aktivitetar

Det blir ei spanande familiepåske på Runde. Runde Miljøsenter arrangerer både jakt etter påskeegga på fuglefjellet og jakt etter Rundeskatten. Både egga og skattane er gøymde på ulike stader på Runde, på fjellet eller i låglandet. Kart som kan gi familiane peikepinn om kvar dei skal finne påskeegg og skattar får dei kjøpt i kafeen på Miljøsenteret.

Det har kome ein ny fugl til Runde i år. Sjå kva han har i reiret sitt.

Påskepakke for inntil sju personar

kun kr. 360,-

Kart kan kjøpast i kafeen.​

INKLUDERT I PRISEN

  • Billettar til utstillinga
  • Kart til skattejakt
  • Kart til påskeeggjakt

Gjennom å besøke utstillinga først får barna lære om fuglane på Runde og om Akerendam-skatten før dei går ut. Det gjer det heile meir spennande - kanskje kan dei også kjenne igjen nokre av fuglane? Kanskje er Lunden tilbake i fjellet for sesongen. Han vert også kalla «havets papegøye», og er lett å kjenne igjen og kome nær.

Påskeeggjakt for inntil sju personar

kun kr. 150,-

Kart kan kjøpast i kafeen.​

INKLUDERT I PRISEN

  • Kart til påskeeggjakt

Den sjeldne påskefuglen er på plass på Runde igjen. Og han har lagt egg på Rundefjellet, og desse egga er det lov å jakte på . Små og store kan leite etter egga til påskefuglen.

Skattejakt for inntil sju personar

kun kr. 150,-

Kart kan kjøpast i kafeen.​

INKLUDERT I PRISEN

  • Kart til skattejakt

Men Runde har også Akerendam-skatten med gull og sølvmyntar som vart henta opp frå dette hollandske handelskipet som havarerte rett utanfor Runde på 1700-talet. Og dermed er det duka også for skattejakt på Runde i påska.

Overnattingspakke på Runde Miljøsenter i påska

- Leilegheit for inntil fem personar

- Familiebillett til Sunnmørsbadet


1 natt kun kr. 2000,-

2 netter kun kr. 4000,-

3 netter kun kr. 5040,-

INKLUDERT I PRISEN

  • Familiebillett til Sunnmørsbadet, 
    1 dag*
  • Oppreidde senger, handklede og vask av leilegheit ved avreise
  • Gratis parkering og internett

Oppgi i feltet "kommentar og ønsker" ved bestilling kor mange vaksne og barn som skal ha billett til Sunnmørsbadet. 

Familiebillett for inntil 2 vaksne og 3 barn eller 1 vaksen og 4 barn.​

Sjå utstillinga om Rundeskatten

«Havets sølv» er ein storslått film om gigantiske sildestimar, ein skjør kyst og havdjupets fantastiske drama. Sjå filmen på storskjerm i auditoriet.

Sjå Rundeskatten og fuglane

Utstillinga fokuserer på informasjon om miljø, klima, naturen på øya, næringslivet i regionen m.m. Det er ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725. Vi visar også den mykje omtalte dokumentaren "Havets sølv" som er spilt inn på Runde. 

​Billettar

Vaksen: kr 85,-
Barn: kr 35,-
Pensjonist/ student: kr 55,-
Familie: kr. 200,-
Grupper: (frå 15 pers.) kr. 55,- per pers.

Mat frå havet på Runde Miljøsenter.

Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet.

Spis eit måltid i havgapet

I kafeen sel vi kaker, kaffi/ te og kioskvarer. Middag frå kl. 13. Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer.

Fjelltur med 360 graders havutsikt

Fjelltur med 360 graders havutsikt

Fjelltur på Runde

På Runde finn du fleire stiar som egnar seg for korte og lange turar. På ut.no kan du få mange gode tips til kor du kan gå. 

Ekte glede for små og store i det våte element.

Ekte glede for små og store i det våte element.

Besøk Sunnmørsbadet

Bestiller du overnatting i påskeferien på Runde Miljøsenter spanderer vi ein familiebillett til Sunnmørsbadet. Nyt ein dag i det våte element. Det er kjekt for store og små.

Billett leggast leilegheita og kan nyttast under oppholdet.   

Opningstider Sunnmørsbadet
Her kan du sjå opningstider.

Oppgi i feltet "kommentar og ønsker" ved bestilling kor mange vaksne og barn som skal ha billett til Sunnmørsbadet. 

Familiebillett for inntil 2 vaksne og 3 barn eller 1 vaksen og 4 barn.​