Den gule farkosten ligg ein augneblink og duppar i småbølgjene, så dukkar han og blir borte i djupet. På overflata er det berre kabelen han dreg etter seg som viser kva for retning han går i. Tre par auge følgjer nøye med på dataskjermane ombord. Følgjene av gamle synder skal endeleg dokumenterast på film. Den friske haustvinden er overraskande mild, og lagar berre lette småbølgjer på Aspevågen i Ålesund. Om bord i "Lophelia" har Leif Arild Håhjem og skipper Arne Sævik akkurat sjøsett den vesle firkanta farkosten som skal avsløre kva som skjuler seg under havflata. - Dette har aldri vore filma før, etter det eg veit, seier Arne Fagerhaug. Geologen i Multiconsult AS er som snarast om bord ein liten tur. Han har det faglege ansvaret, men det er marinbiolog Marius Moe som skal syte for å få tatt prøvene som manglar og samanfatte resultata frå dei mange undersøkingane som alt er gjort i Borgundfjorden. Til saman skal dei gi svaret på korleis forureininga i sedimenta på havbotnen påverkar livet i fjorden. Ålesund kommune er oppdragsgjevar, og Runde Miljøsenter er leigd inn som underleverandør. Oppdraget i dag er å filme botnen og livet der på utvalde strekningar langs kaier og tvers over fjorden. Ein ting er å vite korleis tilstanden er etter tallause grabbprøver, noko anna er det endeleg å sjå korleis det ser ut der nede.

Verst i verda

Aspevågen i Ålesund er enormt forureina. Ingen stader i verda er det målt så høge verdiar av bromerte flammehemmarar som i Borgundfjorden, fortel miljøvernrådgjevar i Ålesund kommune, Gunnar Godø. Ein flora av industriverksemder blomstra i sjøkanten i mange tiår, utan tanke på følgjene av utsleppa. Kvikksølv, bly, tinn frå botnsmøring av båtar og mange andre miljøgifter gjekk rett i fjorden. Slik var det langs heile kysten. Folk trudde at sjøen kunne svelgje unna uendelege mengder søppel og gift. Men med aukande kunnskap om skadeverknadane, har restriksjonane mot utslepp blitt stadig strengare. Oppryddingstiltak er i gang fleire stader i landet, spesielt ved dei største byane. - Mange av desse stadane var mykje mindre forureina enn Aspevågen, seier Fagerhaug.

Ikkje heilt dødt

Ei bergylte svinsar forbi framfor kameraet på den fjernstyrte undervassfarkosten (ROV). Ein liten stim fiskeyngel skvett unna og samlar seg igjen. ROV'en styrer stødig over den låge tareskogen som er dekt av eit tynt lag sediment. Ei sjøstjerne har funne seg ein høveleg rasteplass på eit tareblad. Oppe i båten sit Roger Kvalsund med fjernkontrollen til ROV'en i fanget og auga festa på dataskjermen han har framfor seg. Marinbiolog Lise Chapman står ved sida av og noterer ned det ho ser. Dei to forskarane frå Runde Miljøsenter er leigd inn til dette oppdraget. Seinare skal dei analysere opptaka og skrive rapport om funna. I salongen rett bak dei sit Marius Moe frå Multiconsult og følgjer med på den store skjermen på bordet. Også han noterer. - Var det ein steinbit?! Der borte til venstre? Kvalsund justerer kursen og dei kraftige lysa på farkosten avslører eit gammalt bildekk. - Men her er overraskande mykje liv, kommenterer Moe. - Alt er relativt! Kjem det tørt frå bak den fremste dataskjermen.

Næringskjeda

Det er store variasjonar i havbotnen i Aspevågen. Somme stader er det blaut mudderbotn, andre stader meir kupert og med litt tareskog. Miljøgiftene søkk ned og samlar seg på botnen. Der lever småkrypa som er mat for dei som er større. Slik forplantar forureininga seg, frå små børstemarkar til krabber, skjel, fisk og fugl. Til slutt hamnar den i menneska som et forureina fisk og skaldyr. Det er funne låge verdiar av miljøgifter i sjømat frå Aspevågen. Årsaka er få byttedyr og god gjennomstrøyming av sjøvatnet. Likevel er det ikkje anbefalt å ete mat som er fanga her.

Opprydding

Heilt sidan 1979 har det vore gjort undersøkingar for å kartlegge omfanget av miljøforureininga i fjordane ved Ålesund. No er det berre nokre få svar som manglar før bildet er komplett. Marius Moe i Multiconsult får travle dagar framover: Innan 15. november skal han samanfatte alle opplysningane om dei biologiske effektane av forureininga. Resultata skal brukast til å anbefale om det er nødvendig med konkrete oppryddingstiltak, og kva for område som i tilfelle bør prioriterast først. Rapporten er bestilt av Ålesund kommune. I løpet av 2013 skal det utarbeidast ein plan for å fjerne forureininga. Arbeidet med tiltaksplanen blir lyst ut på anbod, og Klima og forureiningsdirektoratet (Klif) har løyvd ein million kroner til arbeidet. - Det er to måtar å gjere det på: Enten å dekke over eller å grave bort, forklarer Fagerhaug. Ein kombinasjon kan også vere aktuelt, det er gjort med hell andre stader. - Utanfor Fiskerstrand verft fortel dei at korsstjernene kom springande for å slå seg ned med ein gong botnen var dekt og rein!