Nestemann ut i foredragsserien på Runde miljøsenter er Johan Ottesen. Han vil søndag 23. mars fortelje om ulike tolkingar av øynamna i distriktet vårt. Fleire av øynamna på Sunnmøre er svært gamle. Dermed kan dei vere vanskelege å forstå. Kva er grunnen til at namnet Hoð vart brukt om dagens Hareidland? Vi veit at Dolzey er eit gammalt namn på Sandsøya, men kva betyr det? Kvamsøya og Bergsøya er heller moderne namn, men kva heitte øyane tidlegare? Er Nerøya eit tidlegare namn på Bølandet/Leinøya? Nokre av dei gamle øynamna, slik som Dimna, Runde og Skorpa, er framleis i bruk. Skorpa er etter måten lett å forklare, men om namna Dimna og Runde er der fleire meiningar. Og ulike meiningar kan det også vere om mange av dei andre øynamna som Ottesen vil presentere. Som vanleg blir det servert god heimelaga middag og kaffi/kaker på Runde Miljøsenter før og etter foredraget (13-17.00). Arrangementet startar klokka 15. Billett kr. 60.