Runde Miljøsenter har i fleire år arbeidd med å kjøre undervassglidarar i samarbeid med Universitetet i Bergen. Saman med partnarar frå næringslivet arbeider Miljøsenteret i år med eit prosjekt finansiert av Regionale Forskingsfond Midt-Noreg som dreier seg om fjernstyrte undervassfarkostar og korleis ein skal kunne utvikle operasjon av slike farkostar til ein kommersiell teneste.

Runde Miljøsenter arrangerer i desember ein workshop på Runde om sjølvstyrte farkostar som gir oss nye moglegheiter til å kartlegge havet.  Ein forsmak på å samle aktørar som driv med slike farkostar,  fekk vi under toktet vi hadde i sommar her ved Runde.  Det vart nytta i dette toktet ny teknologi for å overvake kva som skjer i havet. Mange aktørar fekk då testa ut forskjellige farkostar både på, under og over vatn, og testing av sensorar.

 

Workshop om fjernstyrte farkostar

På tysdag og onsdag, 5 – 6 desember, samlast ekspertar på havforsking og –teknologi frå heile Noreg til ein workshop på Runde Miljøsenter for å utveksle røynsle og resultat av arbeidet sitt med autonome undervassfarkostar. Det er ein av dei første slike samlingane i Noreg. Tanken er å byrje å byggje opp eit kunnskapsmiljø for dei som jobbar med slik teknologi. Alle som har eit interesse av ubemanna og fjernstyrte farkostar for havovervaking er velkommen å delta i workshop.

http://rundecentre.no/autonomous-vehicles-ocean-monitoring-workshop/

 

AUV-ekspertise på plass

På talarlista står folk frå Universitetet i Bergen, NTNU, Akvaplan-Niva, Forsvarets Forskingsinstitutt, Christian Michelsen Research, Maritime Robotics, og Kongsberg Maritime, som vil fortelje om arbeidet sitt med ubemanna undervass- og overflatefarkostar. I tillegg vil vi ha nokre ‘fjerntalarar’ som gjer korte foredrag via Skype frå Antarktis (!), Spania og Brasil.

Desse er hovudtalarane på workshopen:

Prof. Ilker Fer er oseanograf på Universitetet i Bergen. Han arbeidar med observasjonar av havets fysikk, iblant i krevjande forhold i Arktis og Antarktis. Han er ein av dei havforskarane i Noreg som har mest erfaring med undervassglidarar, og på workshopen skal han fortelje om det banebrytande arbeidet sitt med å måle mikrostruktur (småskala turbulens) i havet med hjelp av ein undervassglidar.

Prof. Martin Ludvigsen er professor i undervassteknologi på NTNU i Trondheim. Han var med om å starte opp, og er dagleg leiar for NTNU sitt senter for anvendt forsking innanfor undervassrobotikk som bl.a. opererer ein utstyrs-pool for avansert undervassutstyr til nytte for ingeniørar og forskarar. I foredraget sitt vil Martin fortelle om arbeidet med autonom teknologi for marin miljøkartlegging og overvaking.

Dr. Lionel Camus er leiar for Petroleum & Miljø-forskingsgruppa på Akvaplan-Niva AS i Tromsø og har 20 års røynsle frå arbeid i Arktis. Han leier eit stort forskingsprosjekt som kallast «GLIDER» som skal bidra til meir kostnadseffektive og fleksible undersøkingar av havmiljøet med bruk av autonome farkostar. Dette skal han fortelje om i foredraget sitt.

 

Det blir ein imponerande samling av ekspertise på fjernstyrte undervassfarkostar på Runde desse to dagane.

Området kring Runde er interessant på grunn av den marine kartlegginga som allereie er gjennomført og som framleis skjer her – og ikkje minst fordi frigivinga av detaljerte djupnedata frå Forsvaret har gjort det svært attraktivt for marin forsking på Søre Sunnmøre.

 

Foto: Arild Hareide

Foto: Arild Hareide – Maritime Robotics testa i sommar ut sitt fjernstyrte farty ved Runde

 

testing-av-ny-teknologi-ved-runde-sommar-2017_-foto_runde-miljosenter_arild-hareide

Foto: Arild Hareide – FF «Gunnerus» frå NTNU testet også ny teknologi ved Runde under toktet i sommar.