Området

Leilegheitene ligg fint til i terrenget, og har god utsikt. Om sommaren kan ein studere fuglelivet frå stoveglaset, om vinteren kan ein la seg fascinere av båra som bryt mot skjera rett nedanfor. Ei leilegheit ved Runde Miljøssenter er ein fin base for turar til sjøs og til lands.

Miljøsenteret ligg like ved hamna. Derifrå går det dagleg guida båtturar rundt øya i sommarsesongen. Ein båttur gir ei unik og nør oppleving av livet i fuglefjellet. På Runde ligg de også godt til rette for mange fine fotturar. Over heile øya finn ein gode, oppmerka stiar. Ein kan ta ein tur ut til Runde fyr, eller studere fuglekoloniane frå fjellkanten. Be gjerne om kart og tips i kafeen. Etter ein lang dag med naturopplevingar, kan ein trekkje seg tilbake til si eiga leilegheit.

Bestill for å sjekke pris og kapasitet

Runde Miljøsenter ligg nært havna

Runde Miljøsenter ligg nært hamna

Runde Miljøsenter ligg nært havna

Vakker havutsikt frå leilegheitene og senteret.

Nærkontakt med Lundefugl på Runde.

Nærkontakt med Lundefugl på Runde.

Skal du halde eit kurs, konferanse eller eit selskap?

Med si plassering midt i havgapet er Runde er ein spektakulær stad for kurs, konferansar og selskap, året rundt.

Les meir om kurs og konferanse...

Kurs, konferansar og selskap på Runde. Foto: Marit Brunstad/ Sponland Foto