Runde

Runde er ei øy i Herøy kommune på Ytre Søre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Runde har det sørlegaste fuglefjellet i Noreg. I tillegg til mange andre artar, hekkar omlag 100 000 par lundefugl her. Dette er det einaste fuglefjellet sør for Træna som har lundefugl. Også havsule, storjo og toppskarv er etablerte med store bestandar i hekkesesongen.

I området ved Runde er det fleire viktige miljøtypar, som gruntvassområde, djupe fjordar og kontinentalsokkel. Kontinentalskråninga ligg om lag 50 kilometer utanfor øya og går ned til 3000 meters djup.

Området er hovedgyteområde for Norsk Vårgytande Sild og er mellom dei aller viktigaste gyte- og oppvekstområda for sei, hyse og torsk. Egg og larvar driv frå gyteområda utanfor Runde til oppvekstområda i Norskehavet og Barentshavet.

Naturområda ved Runde er sårbare og viktige, og interessante for forsking. Runde Miljøsenter
tilbyr fasilitetar og infrastruktur som gjer regionen til ein attraktiv lokalitet for fleire forskingsdisiplinar, som til dømes biologi, oseanografi, meteorologi, forureining og miljøteknologi.

Øya er óg kjend for gullskatten som blei funnen ved Kvalneset ytterst mot vest i 1972. Historia om skipet «Akerendam», som forliste i 1725, blir fortalt i utstillinga på Runde Miljøsenter.

Runde blei i 2013 eit ramsarområde beståande av fire fuglefredingsområder og eit naturreservat.

Les meir om Runde på desse sidene:

 

 

Reise til Runde

Runde er landfast og er lettast å reise til med bil. Frå Rv61, ta av mot Fosnavåg på Rv654.  På Leinøya ta av til høgre inn på Fv18, og følg denne til Runde.

Det er to flyplassar i nærleiken,  Ålesund lufthavn, Vigra og Ørsta-Volda lufthamn, Hovden. Frå Vigra går det buss og hurtigbåt til Hareid. Frå Hareid følg Rv61 sørvest mot Runde. Frå Hovden følg E39 nokre hundre meter mot Volda, og ta deretter av mot Runde på Rv653 og Rv61.

Det er mogeleg å leige bil på flyplassane og på Hareid.

Om du vil reise med kollektivtransport er det enklaste å ta kontakt med Trafikanten på tlf.  +47 71 58 78 00 for ruteopplysning, eller bruk Trafikanten sin nettside (sjå nedanfor).

Runde har havn med gjestebrygge som kan nyttast av sjøfarande. Runde Miljøsenter kan organisere båttransport med Lophelia, ta kontakt for å avtale pris.

Hurtigruta har anløp til Torvik på Leinøya. Frå Torvik er det om lag 25 min med drosje til Runde, ta kontakt med Herøy taxisentral på telefon +47 70 08 86 63.

Nyttige lenker:

Overnatting

På Runde og i Herøy kan du overnatte på fleire stader:

Aktivitetar

Runde og Herøy forøvrig er i sommarhalvåret eit eldorado for utandørs aktivitet. På Runde er særleg tur til fuglefjellet populært, og fugleinteresserte frå heile verda tek turen innom. Fuglefjellet kan ein sjå frå land ved å gå opp på fjellet frå Goksøyr på nordvest sida av øya, eller frå sjøen som deltakar på båttur rundt øya.

Ta gjerne turen til Runde Fyr som dagstur eller med overnatting.  Fyret er sjølvbetjent turistforeningshytte med 24 sengeplasser.

Med mange trange sund og øyer er det skjerma området innanfor Runde idéelt for padling og dykking.

Det er fleire museum i regionen. Herøy Kystmuseum ligg på øya Herøy og er den gamle handelsstaden, slik den vaks fram på 1800-talet med ulike bygningar, interiør, fiskereiskapar og båtar. På Brandal ligg Ishavsmuseet Aarvak som er ei sjølveigande stifting med formål å bevare historia frå vår dramatiske sjøfarts-, fangst- og polarhistorie, og å legge til rette for studiearbeid og forsking.

 

Lenker: