Runde fyr har vore til hjelp for sjøfarande i 250 år. På grunn av det stygge farvatnet rundt Runde har det vore mange sjøfarande i naud der gjennom alle år, også i nyare år. No er fyret ubemanna, men heilt opp til våre dagar, var det fyrvaktar med familie og husdyr som budde på den vesle pletten. Harald jarl Runde har skrive bok om fyret, og no er han i ferd med å skrive ny bok. Førstkomande søndag vil han fortelje om det han har funne i skrifter og i intervju med folk.

Foredraget sitt har han kalla «Runde fyr- de Søefarande til Hjelp og Teneste» gjennom 250 år. Og han håper også på å få ein dialog med andre som kan vite noko om fyret, arbeidet der og livet der når han kjem til Runde Miljøsenter komande søndag. Han er den tredje siste aktøren i vårens foredragserie på miljøsenteret. Harald Jarl Runde er er fødd og oppbvaksen på Runde. Sidan 1975 har han budd i Naustdal i Sunnfjord der han også er sterkt involvert i lokalhistorie. Mellom anna er han leiar i skriftstyret for «Sogeskrift for Naustdal». Og han har skrive ei rekkje nettartiklar og tidsskriftartiklar. Han har også vore tilsett som regionansvarleg for Norsk Telemuseum. No skriv han altså på ny bok om fyret på Runde. Det skal bli spennande å høyre om eigedomstilhøve og livet der ute – og ikkje minst kva Runde fyr har hatt å seie for sjøfolk som har ferdast langs kysten vår.

Arrangementet startar klokka 15.