Om Runde Miljøsenter

Runde-knut-Werner002-01

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Den offisielle opninga var i oktober 2009. Senteret ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, og har det fremste innan miljøteknologi. Heilt frå dei første teikningane har det vore fokus på miljøvennlege byggemateriale, energieffektivitet, vass-sparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn.

Den grunnleggande tanken med forskingssenteret på Runde er etableringa av infrastruktur for overvaking og forsking på miljøet, og å promotere berekraftig teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon. Samarbeid med lokalt næringsliv om utvikling av miljøvennleg teknologi er eit satsingsområde. Senteret blir også brukt av forskarar både frå Noreg og utlandet. Det er eit mål å oppnå auka fokus på dei viktige havområda utanfor Møre, som er eitt av dei viktigaste gytefelta i norske farvatn.

Senteret har kontor, laboratorium og åtte leilegheiter for utleige. Hovudbygget har også eit velutstyrt auditorium og kafé. Eit informasjons- og opplevingssenter blir etablert i 2. høgda i hovudbygget. Det skal vise dei store biologiske prosessane som skjer i Norskehavet, og samspelet mellom miljø, klima, fugl, fisk og plankton. Historia om forliset til ostindiafararen «Akerendam» og Rundeskatten blir ein sentral del av utstillingane, og også temaet energi frå havet og los- og fyrhistorie.

Bygget er energiøkonomisk, og bygd som eit «forbildeprosjekt» i samsvar med Enova sine reglar. Runde Miljøsenter disponerer også ei sjøbud på 600 kvadratmeter
brutto areal med kaianlegg på Runde hamn.

Senteret har brei politisk støtte, både frå Herøy kommune, Regionrådet og Møre og Romsdal fylkeskommune. Næringslivet i regionen har òg gått inn med betydeleg kapital i prosjektet.

Kontordelen

Kontora ligg i 2. etasje i den vestlegaste fløya. I tillegg til seks kontor, er der fleire opne kontorplassar for personar som jobbar ved senteret i avgrensa periodar.

Runde-knut-Werner006-01

Laboratorium (1. etasje)

Laboratoria blir brukt av gjestande forskarar, fast tilsette og leigetakarar. Areala
på til saman 320 m2 er tilpassa gjeldande krav for laboratorieverksemd.
Laboratoriedelen er delt opp i to seksjonar. Våtlab-delen blir brukt til arbeid med bearbeiding av prøver frå sjøen osb. Der er benkar, vaskar og sluk i golvet. Våtlaben er ein del av det som skal bli vaskestasjonen for oljeskadd fugl. Tørrlaben blir brukt til annan lab-aktivitet.

Leilegheiter

Senteret har åtte moderne leilegheiter på 67 m2. Dei blir leigd ut til gjestande forskarar, turistar, gjester på senteret og andre. Kvar leilegheit har sengeplass til 5 personar, fordelt på to soverom og dobbel sovesofa på stova. Det er lagt opp til sjølvhushald, og kjøkkenet er m.a. utstyrt med oppvaskmaskin og stort kjøleskåp. Bada har varmekablar i golvet, og alle leilegheitene har storslagen utsikt til sjøen.

Runde-knut-Werner004-01

Runde-knut-Werner005-01

Kafé/restaurant

Kafeen har plass til omlag 60 personar, men kan ta imot opptil 100 ved arrangement.

Auditorium

Auditoriet har plass til 60–80 personar ved kurs og konferansar, og er godt utstyrt med videokanon og lydanlegg.

Runde-knut-Werner003-01

Infosenteret

Aktiviteten i forskingstasjonen skal spegle seg i informasjons- og opplevingssenteret som skal etablerast. Prosjektet er m.a. støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune og Herøy Næringsforum.
Infosenteret vil innehalde ulike servicetilbod til besøkande. Utstillingsdelen vil fokusere på informasjon om miljø, klima, naturen på øya, næringslivet i regionen m.m. Det blir ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725. Energi frå havet og spesielt bølgjekraft blir også viktige element.

Kart

runde-framside

runde-sjoomraade

Kart over sjøområda ved Runde.

Gyteområde for hyse (a), sei (b) sild (c) og torsk (d) (Kilde: Havforskingsinstituttet, Bergen).

Gyteområde for hyse (a), sei (b) sild (c) og torsk (d) (Kilde: Havforskingsinstituttet, Bergen).

Drift

Stasjonen blir driven av Runde Miljøsenter AS. Dette selskapet vart stifta i 2004 og er eigd av Lars Golmen, Hans Petter Runde, Greta Garnes og Nils-Roar Hareide. Runde Miljøsenter vart offisielt opna i oktober 2009.

Selskapet arbeider med å legge til rette for at forskingsinstitutt, universitet og andre kan kome til Runde for å drive forsking. I tillegg samlar selskapet inn grunnleggande miljødata både frå sjø og land, og er engasjert i ei rekkje forskingsoppdrag. Eit døme på det er «Den grøne korridor«.

Runde Miljøsenter legg til rette for at forskarar frå resten av verda kan kome til Runde og samle data og materiale, teste utstyr, analysere måleseriar og skrive rapportar.

Stasjonen samlar inn grunnleggande miljødata som er tilgjengeleg for forskarar som vitjar senteret, og for forskarar som arbeider med til dømes klimaendringar, fugleforsking og fiskeriforsking. NIVA leiger to kontor ved senteret,som i tillegg har kontorplassar for gjestande forskarar.

Opptaking av forsøksrigg i Storfjorden september 2005. Prosjektet var gjennomført av RITE, Japan og NIVA, Noreg.

Opptaking av forsøksrigg i Storfjorden september 2005.
Prosjektet var gjennomført av RITE, Japan og NIVA, Noreg.

Runde Miljøsenter AS set ut målebøye i Onadjupet, November 2005. Prosjekt i regi av NIVA på oppdrag frå Norsk Hydro.

Runde Miljøsenter AS set ut målebøye i Onadjupet, November 2005.
Prosjekt i regi av NIVA på oppdrag frå Norsk Hydro.

 

Kart over hamneområdet på Runde. Skravert område viser tomta der stasjonen ligg.

Kart over hamneområdet på Runde.
Skravert område viser tomta der stasjonen ligg.

Bygget har vesentleg høgare miljøkrav enn vanlege bygg. Målet er null utslepp, låg energibruk og høg grad av gjenvinning og resirkulering. Bygget er eit ”forbildeprosjekt” som skal vere med på å utvikle og formidle kunnskap om miljøvennlege byggemetodar og energibruk. Det er lagt vekt på at arkitektonisk utforming og byggtekniske løysingar skal optimalisere energibruk og innemiljø, og minimalisere utslepp. Det er brukt ulike energiforsyningsløysingar (sol, bio, varmepumpe, gass og biogass) som samhandlar med kvarandre. Runde Miljøsenter fekk den nasjonale VVS-prisen 2010 for dei miljøvennlege og framtidsretta teknologiske løysingane sine.

Visjon

  • Auke kunnskapen om lokalt miljø
  • Gjere det unike miljøet på og ved Runde internasjonalt kjent
  • Skape arbeidsplassar basert på lokalt miljø og forsking
  • Motivere lokalt næringsliv til å utvikle miljøteknologi

Verdigrunnlag

  • Berekraftig verksemd
  • Dele kunnskap
  • Næringsutvikling basert i miljø

Posisjonering (ledig posisjon)

  • Forskingsstasjon men ikkje institutt
  • Verktøy for andre forskarmiljø
  • Formidlar av kunnskap

Kva skal vi vere gode på

  • Organisering
  • Tilrettelegging
  • Skape kontaktar og nettverk
  • Formidling

Meir informasjon om senteret