Runde Miljøsenter (RMS) med gjester vart invitert til offisiell opning av bølgjekraftverket som er under uttesting  ved Runde. Dagen vart feira stort med offisiell opning av Hans Majestet Kong Harald.

Her finn du meir om opninga (kongehuset.no)

– Då vi kom til Noreg, fann vi høg kompetanse innan marine næringar som vi kunne nytte oss av. Vi fann det naturleg å ha bølgjekraftverket vårt her ved Runde», seier Ulf Lindelöf, CEO i Waves 4 Power (W4P) i sin opningstale under kongebesøket.

Skryt til Runde Miljøsenter
Runde Miljøsenter har fått mykje skryt av W4P for sin innsats. Runde Miljøsenter har spelt ei viktig rolle.  RMS hadde testområde og nettverket W4P trengde for å få gjennomført ideen sin.

Nils Roar Hareide er glad for at bølgjekraftverket vart ei realitet og at det har fått så store effektar på lokalt næringsliv i regionen.

W4P satsar no vidare på ein ny generasjon med bølgjekraftverk og vil nytte  lokal industri og hjelp frå Vanylven, Stryn og Herøy.

– Vi skapar synergiar og effektar utanfor Runde og Runde Miljøsenter, og det er viktig for oss. Forskingsarbeidet vi driv med her skal næringa nyte godt av, seier Nils-Roar Hareide, forskingsleiar ved RMS.

Vi ynskjer Waves 4 Power til lukke med arbeidet framover.