Offisiell lansering av nye sjø-kart på Runde Miljøsenter.

Nye høgoppløyselege sjø-kart for Søre Sunnmøre er ferdigstilt og skal offentleg opnast opp for alle interesserte 8. juni på Runde Miljøsenter.

Norges Geologiske undersøkelser (NGU) har i samarbeid med Statens kartverk, kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven og Runde Miljøsenter utarbeidd nye kart for sjøområda i dei fem kommunane. Djupnekarta har svært høg oppløysing, og viser det undersjøiske landskapet og bunntypane i stor detalj.” Karta blir tilgjengelige på internett og kan lastast ned både av kommunar og privatpersonar.

Figur. Den høge oppløysinga gjer at det er mulig å sjå vrak på havbotnen

Figur. Den høge oppløysinga gjer at det er mulig å sjå vrak på havbotnen

Representantar frå kommunane, Fylkeskommunar, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, fleire direktorat og forskingsmiljø skal vere med på opninga (Sjå program nedanfor)
I tillegg til dei nye karta vil det bli presentert planar for fleire nye kartleggingsprosjekt for sjøområda på Søre Sunnmøre. Det skal mellom anna utviklast samanhengande høgoppløyselege kart for sjø og land i same kart.

Dei nye karta har vekt stor merksemd og mange kommunar ynskjer å få tilsvarande kart i sine sjøområder. Men Søre Sunnmøre er det einaste området i landet der Forsvaret har gitt løyve til å vise djupnekart med så høg oppløysing.

Program: Sluttseminar for Marine Grunnkart Søre-Sunnmøre

Runde Miljøsenter, 8. juni 2016

09:00-09:10 Velkomne Nils Roar Hareide, RMS

Marine grunnkart Søre-Sunnmøre
09:10-10:00 Marine Grunnkart for Søre-Sunnmøre Sigrid Elvenes, NGU
10:00-10:20 Karttenestene til NGU Aave Lepland, NGU
10:20-10:35 Samanstilt høgdemodell for Søre-Sunnmøre Erik Perstuen og Evert Flier, Kartverket
10:35-11:05 Kaffipause

Kunnskapsgrunnlaget for forvalting av kystsona
11:05-11:20 Arealforvaltning i kystkommuner Njål Tengs Abrahamsen, Kartverket
11:20-11:40 Interkommunal kystsoneplan med Marine Grunnkart og ny høgdemodell Jarl Martin Møller, Plansjef Herøy
11:40-11:55 Interkommunal Marin Næringsplan Knut Erik Engh, ordførar Ulstein
11:55-12:10 Fylkeskommunalt arealplanlegging med og utan Marine Grunnkart Jon Aasen, Fylkesordførar M&R
12:10-12:25 Marine Grunnkart og verneområde Karoline Valle, Fylkesmannen M&R
12:25-13:15 Lunsj

Vidare bruk av Marine Grunnkart (10. min inklusive spørsmål)
13:15-13:25 Fiskeridirektoratet Gunnstein Bakke
13:25-13:35 Miljødirektoratet Egil Postmyr
13:35-13:45 Kystverket John Klingsheim
13:45-13:55 Runde Miljøsenter Nils Roar Hareide
13:55-14:05 Marine Møre Lise Chapman
14:05-14:15 Havforskningsinstituttet Sigurd H. Espeland
14:15-14:25 NIVA Trine Bekkby

Nasjonal kartlegging av kystsona
14:25-14:45 Marine Grunnkart for Norskekysten (MAGIN ) Evert Flier, Kartverket