Utstillinga «Kaldt Hav – Heite spørsmål» som vart opna 14. januar i år i Herøy Kulturhus er no komen til Stavanger og opnar der den 12. mai. I samband med utstillinga har Runde Miljøsenter fått laga ein dokumentarfilm om havet og korleis Noreg har blitt ein dominerande «Havnasjon».

Dokumentarfilmen har fått tittelen «Gjenerobringen – Norske hav 1814-2014», og skal visast i NRK2 den 12. mai kl 21.30.

Den 13. mai visast filmen på same kanal kl. 23.45. Den kjem seinare ein gong på NRK1. Etter første visning blir den tilgjengelig på NRK Nett-TV.

Filmen vart vist til om lag 1100 skulelevar og andre besøkande på utstillinga i Herøy og fekk gode tilbakemeldingar frå publikum.

Dokumentarfilmen er laga av Olav Christensen ved Runde Miljøsenter og TV- og radiojournalist Arnt Stefansen.

TV-dokumentaren fortel historia om den norske «gjenerobringa» av havet og om korleis Norge har vunne retten til nokon av dei mest verdifulle havområda i verda. Filmen fortel også korleis vi har forvalta muligheitene havet har gitt på ein framtidsretta og gjennomgåande god måte.

I filmen er den sterke maritime klynga på Sunnmøre via stor merksemd. Bedriftene Olympic, Marinteknikk og Kleven Maritime er med i filmen som eksempel på den store verdiskapinga som vi alle får ta del i som resultat av at Norge er verdsleiande innanfor teknologiske og industrielle løysinger for virksomheiter på havet, i havet og under havet, og i den vidare utvilkling av «blått» næringsliv er forutsetningane nærast optimale. Havet gir oppgåver og inntekter for generasjonar fremover.

Neste visningsstad for utstillinga er i Stavanger, opning 12. mai. Følg med på facebook.com/Kaldthav