Ny utstilling – Plastforsøpling  i havet

(Ill. Gry Hansen)

Verdas produsentar av plast produserer om lag 300 millionar tonn plast i året, og det er for lite som kjem attende til resirkulering. For mykje hamnar i havet og melast opp til miljøgifter som påverkar livssyklusen i havet. Kva vil skje med havet og fisken vi et, var det ikkje havet vi skulle leve av i framtida?

Laurdag 14 januar kl. 14:00 vil formidlingssenteret ved Runde Miljøsenter opne ei ny utstilling om plast i havet og kva den gjer med miljøet  vårt.

Fagmann og leiar av forskingsprogram om miljøgifter ved Polarinstituttet, Geir Wing Gabrielsen, har ei sentral rolle i opninga av denne viktige utstillinga. Vi vil syne fram film produsert av Michael Hundeide og  Olivia Lorot om plastforsøpling . Filmen inneheld eit intervju med eksperten på fagområdet plastforsøpling, Geir Wing Gabrielsen. Han vil også halde eit foredrag om temaet denne laurdagen.

Søndag vil det ikkje vere foredrag, men opne utstillingar med gaiding.

I heile januar og byrjinga  av februar vil temaet på søndagsforedrag vere knytt til plast og plastforureining.

Sjå program for januar og februar her:  sondagsforedrag-jan-og-feb