Runde Miljøsenter og Sunnmøre Friluftsråd hadde i helga eit arbeidsseminar for frivillige strandryddarar og aktørar som arbeider mot marin forsøpling. Deltakarane av seminaret vart einige om å etablere ein samarbeidsarena for vidare samarbeid, der dei kan få møtast og får arbeide i fellesskap med temaet marin forsøpling.

Utfordringar knytt til rydding
Det var mange som fortalde om utfordringar knytt til ryddearbeidet sitt. Mykje tid går i å skaffe poser, hanskar og frivillige til å plukke. Og etterpå treng dei hjelp til å frakte ting frå terrenget til avfallsmottak.

- Det er ikkje berre å møte opp å starte å rydde, vi har mykje logistikkarbeid både i forkant og etterkant, seier Randi Kjerstad frå Lepsøya.

Fleire frivillige som har arrangert aksjonar for andre fortel om vanskeleg HMS-arbeid i feltet, og felles registrering av funn etter ein stor aksjon.

Betalt av si eiga lomme
Nokon av dei frivillige hadde også betalt andre for å få hjelp frå si eiga lomme, for å få bukt med all plasten som ligg langs kysten i nærområdet.

- Det har eg ikkje råd til i lengda, seier ho.

Ikkje berre stress og mas
Dei frivillige var tidleg ute med å påpeike at sjølv om de kunne tenkt seg meir hjelp og midlar til det administrative, så trivast dei ute i naturen.

- Eg har fått med meg ein del spektakulære soloppgangar og solnedgangar i Mulevika. Det er skjønt å få vere ute i naturen og rydde. Ryddinga gir meg ro i sjela og eg får vere ute i frisk luft, seier Isabella Lang, som er frivillig ryddar på Søre Sunnmøre.

Nettverket inviterer andre til å delta
Det nye nettverket ynskjer å kome i kontakt med andre som vil vere med i nettverket.

- Vi arbeidar saman for å få eit fokus på marin forsøpling, og saman er vi sterke, både i søknadsprosesser og i den offentlege debatten, seier Ann-Helen frå Sunnmøre Friluftsråd,

Plast er eit nytt parameter i havet
Er det verkeleg slik i Noreg at arbeid med marin forsøpling som er ei så stor utfordring globalt skal berre basere seg på frivillige? Dette var eit av de viktige spørsmåla som vart stilt i seminaret.

- Etter siste møte eg hadde i (LAND OG BY) hadde forskarar kome fram til at plast er no eit parameter i havet slik som salt og oksygen. Dette visar at vi må tenkje meir på korleis vi skal overvake plast i havet og finne løysingar på kva vi skal gjere av det.

SKRU AV KRANA!
Oppmodinga var sjølvsagt klar; Skru av krana! Nettverksgruppa oppmodar no bedrifter og andre til å sjå på sine eigne rutinar på avfallshandtering og utslepp frå eigen produksjon.

På Sunnmøre finn dei som plukkar strender stadig bevis på at vi må starte med å feie for eiga dør. Mange av dei frivillige trur nok at det sikkert er ein del som ikkje veit at dei forsøplar.

- Ta ein titt på rutinar rundt bedrifta og sjå på kva de kan vere med på å forhindre slepp ut, seier Charlotte Hauge, prosjektleiar for arbeidsseminaret.  Bedrifter kan godt ta kontakt med nettverket viss dei ynskjer å gjere noko med dette for vi har god kompetanse for å hjelpe bedriftene.

Registrering av funn gjort av dei frivillige gir også eit bilete på korleis det står til med kysten og vil gi nettverket høve til å informere samfunnet. 

Trenger nye sponsorar som vil vere med på laget.
For å arrangere to nye seminar i år, er det nye nettverket ute etter nye sponsorar. Det fyrste nettverket vart sponsa av SpareBank 1 Søre Sunnmøre, som sjølv ynskjer å gjere ein forskjell for miljøet.

- Vi var så heldige å få midlar til vårt fyrste seminar av SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Vi vil nytte alle midlar som vi søkjer til arbeid mot marin forsøpling. Derfor ser vi etter sponsorar for vårt vidare arbeid med marin forsøpling, seier Hauge ved Runde Miljøsenter.

Nettverket håpar på å få arrangert to seminar for frivillige i 2019.