Ny rapport om havenergi og miljøverknadar

I juni 2020 kom den nye State of the science rapporten om miljøverknadar av havenergianlegg. Den er ei oppdatert og utvida utgåve av rapporten som kom i 2016. I den 320 siders rapporten kan du finne informasjon om det meste av dei verknadane på det omgjevande miljøet som er assosiert med havvind og havenergi: fysiske, økosystem- og samfunnsmessige verknadar. Lenke til rapporten: https://tethys.pnnl.gov/publications/state-of-the-science-2020 Rapporten er utarbeidd av PNNL i USA, i regi av innsatsgruppa OES Environmental (tidlegare OES Annex IV), under Det internasjonale energibyrået, IEA. Norge, gjennom Runde miljøsenter, er representert i gruppa saman med 14 andre land. Meir informasjon om OES-Environmental finn du her: https://tethys.pnnl.gov/about-oes-environmental