Det vart  nyleg danna ein verdsomspennande organisasjon «OTEA» for å ivareta interesser og aktivitet knytt til havtermisk energi, OTEC (Ocean thermal energy conversion). OTEC er ein fornybar energiteknologi som utnyttar temperaturdifferansen mellom kaldt djupvatn og varmt overflatevatn i havet. Varmen i  overflatevatnet fordampar drivgassen i «varmepumpe» systemet. Denne gassen driv så ein turbogenerator som lagar elektrisk straum. Gassen kondenserer etterpå ved kontakt med kaldt djupvatn som blir bringa til overflata gjennom lange røyr. 

OTEC har vist seg å fungere godt teknisk sett og  fleire mindre anlegg er i drift.  Utfordringane i  å få oppskalert og kommersialisert teknologien ligg m.a.  i å finne haldbare røyr for å hente opp djupvatnet. Det er venta at innsatsen som blir utført i OTEA kan medverke til framdrift gjennom koordinert internasjonalt samarbeid, både forskingsmessig og industrielt.

Pr. januar 2021 var det 400 medlemmar i OTEA, fordelt på 41 land. Lars Golmen frå Runde  representerer Norge i  arbeidskommiteen (ExCo). Sekretariatet er lokalisert på Okinawa (Kumejima),  og har bistand frå Japan, Indonesia og UK.

Lenke til OTEA si heimeside: http://www.ocean-thermal.org/

Meir om OTEC her: http://www.havenergisenteret.no/om-havenergi/termisk-energi/