Runde Miljøsenter AS, Innovasjon Norge og Forskingsrådet har arrangert ein workshop i samarbeid med forskingsrådet i Brasil (FINEP) for å skape eit samarbeid for bedrifter og forskingsinstitusjonar som driv med kartlegging og miljøovervaking på djupt vatn.

På workshopen vart det bestemt å opprette ein klyngeorganisasjon i Brasil, der bedrifter og forskarar som held på med forsking og tenesteyting kan knyte kontakt og utvikle nettverk. Rune Andersen frå Innovasjon Norge og Forskingsrådet bidrog sterkt til workshop med tilrettelegging og organisering. På møtet var det 51 deltakarar frå ulike universitet, offentleg forvaltning og ulike FoU-miljø frå Brasil.

 

 

Fyrste møte i Brasil

Fyrste møte gjekk av staben i førre veke, der bedrifter og institusjonar fekk presentere seg. Forskingsmiljøa med FINEP i spissen var veldig positive og interesserte i å utvikle ei ny klynge med miljøkartlegging i Brasil innan olje- og gassektoren.

På seminaret kom representantar frå Ministry of Mines and Energy (energi- og gruvedepartementet) og Miljøverndepartementet i Brasil saman og diskuterte moglegheitene for å betre overvakinga og forskinga i djuphavet.

Daniel Jones frå The Serpent Project (Southampton University) konkluderte med at vi må finne beste praksis for utvikling av felles prosedyrar som kan nyttast av alle oljeselskap, subsea-selskap og forskingsmiljø.

– Deling og koordinering av innsamla data, vil vere gunstig og til nytte for alle partar, seier Jones.

DeepSea International Consortium (DSIC) tek sikte på å utvikle ein ny workshop hausten (2017) i  Noreg, for å styrke nettverket med norske bedrifter og forskarar. DeepSea International Consortium vil møtast igjen i laupet av den årlege Novemberkonferansen i Rio de Janeiro, for å fylgje opp møtet i Noreg.

 

Vidare arbeid

Runde Miljøsenter vil få rolla med å koordinere arbeidet. Ansvarleg for dette blir marinebiolog Claudia Erber.

– Vi skal no arbeide med å få med andre interesserte norske bedrifter og FoU-miljø inn i det nye nettverket, fortel Erber.

Runde Miljøsenteret har allereie arbeidd med dette området nesten i eitt år, og har stor tru på at det nye nettverket vil styrke samarbeidet mellom Brasil og Noreg.

 

Rune Andersen (Innovasjon Norge og  Noregs Forskingsråd, Brasil) er svært optimistisk med tanke på den høge kvaliteten på aktørane involvert  i djuphavsaktiviteten i Brasil.

– Klynga vil auke konkurransekrafta gjennom internt og eksternt samarbeid over tid, mellom kommersielle selskap og FOU-institusjonar, seier Andersen.

 

Dagleg leiar ved Runde Miljøsenter AS,  Nils-Roar Hareide, ser store moglegheiter for å utvikle forsking på miljø og klima i djuphavet.

– Det er planar om å utvikle ein heil rekkje nye oljefelt på 2000 meter og nedover i Brasil. Brasil vil då vere ein arnestad for utvikling av djuphavsteknologi og forsking på miljø og klima i djuphavet, seier Hareide.