Gunder Runde, pensjonert lektor i Ulsteinvik, vart fødd og vaks opp på fyrstasjonen på Grasøyane. No bur der ingen på Grasøyane lenger, slik det ikkje bur folk på nokon av fyrstasjonane i området vårt. Søndag klokka 15 vil Gunder Runde fortelje om korleis det var å vere liten gut på ein svært avgrensa, omflødd holme. Og Jostein Korsnes som er med i leiinga i Norsk fyrhistorisk forening vil ta oss med på ei reise frå fyr til fyr: Haugsholmen, Flåvær, Grasøyane, Svinøya og Runde. Dei fleste fyra er i Kystverket si eige, men blir vedlikeheldt og brukt av andre frivillige institusjonar. Haugsholmen er det einaste av fyra i området vårt som er selt. Dette eig Sande kommune, og fyret har ei venneforening som held vedlike og brukar. Runde fyr blir brukt av Turistforeninga som turmål og «overnattingshytte». Fyret på Svinøya var den siste fyrstasjonen som vart lagt ned, så seint som inn i det nye årtusenet. Den siste fyrvaktaren var Robert Pareliussen frå Runde. Fyra våre representerer ei spennande historie som er vel verdt å ta vare på. Og Runde Miljøsenter inviterer både dei som har tilknyting til fyra og andre som er nysgjerrige på historia og brukta av fyra til eit ettermiddagsarrangement. Og er det nokon som har bilete frå fyra og livet der, så ta med! I kafeen blir det selt lokalprodusert middag og kaffimat. Billett til foredraget kostar 50 kr. Dersom dykk kjøper billett til utstillingane, kjem foredraget inkludert utan ekstra kostnad.
Jostein Korsnes. Foto:Ukjent

Jostein Korsnes. Foto:Ukjent