V November Conference

https://norwaybrazilweek.com.br/v-november-conference/subsea-operations

Konferansen blir arrangert av Innovasjon Norge, Forskningrådet og FINEP (forskningrådet i Brasil).  Denne konferansen er ein viktig arena for Norsk-Brasiliansk kunnskapsutveksling.

Parallel Session 2: Subsea Operation. 6/11. Kl: 14.15-17.

«The Deep Sea International Consortium: strengthening the bilateral cooperation between Brazil & Norway.»

Marin Biolog Claudia Erber skal presentere sitt resultat frå forprosjektet innan undersøking av artar i djuphavet. Prosjektet er eit samarbeid mellom Runde Miljøsenter, SINTEF, Olympic Shipping og Shell (2015-2016). RMS skal presentere det aktive arbeidet med å følgje opp resultat frå konferansen i januar i Brasil (2017): Partnerar frå DeepSea International Consortium har stor interesse for å utvikle eit Brasiliansk industri- og forskingsnettverk innan djuphav og teknologi. Dette nettverket ynskjer å kople seg opp mot norske klynger og bedrifter.

 

Norwegian-Brazilian Business and Science Week

https://norwaybrazilweek.com.br/deepsea-environmental-monitoring-cluster-round-table

 

Ideen er å skape ein paraply for fleire arrangement, som søkjer å understreke og forsterke eit vellukka samarbeid på ulike nivå mellom dei to landa.

DSEM Cluster Round-Table 09/11. Kl: 14-18.

Målet med DSEM Cluster Round Table er å bringe saman fagfolk frå ulike disiplinar for å diskutere og utveksle erfaringar knytt til dei praktiske utfordringane med forvaltning av miljøovervåking, under avviklingsprosessar av offshore-strukturar i Noreg og Brasil.  Ein av dei viktigaste utfordringane no for olje- og gassindustrien er arbeidet med å avvikle oljeplattformer, brønnar og relatert utstyr på ein effektiv måte. Viktige miljøspørsmål relatert til avviklinga er handteringa av direkte effektar på det marine økosystemet. Arbeidet med denne avviklinga må derfor vere ein tverrfagleg prosess, som inkluderer ingeniørvitskap, miljø, finans, politikk og sikkerheit. Subsea-teknologien kan forbetre miljøovervaking i løpet av avviklingsprosessen, og redusere kostnadene ved langsiktig overvakning av området før, under og etter at installasjonane er fjerna. Trass i internasjonal lovgjeving om prosedyrar for avvikling av riggar, er det fortsatt lite einigheit om best praksis for slike avviklingsprosessar. Eit samarbeid om utvikling av metodar og teknologi kan sikre teknisk integritet og sikker drift.

 

Ynskjer du meir informasjon om dette møtet, send ein epost til claudia@rundecentre.no