Garn som fiskerane har mista kan stå og fiske i årevis blir kalla Spøkelsesgarn. Det kan ta mange år før desse garna er blitt nedbrotne og blitt ein del av havbotnen. Fiskeridirektoratet som leiar dei nordiske samarbeidsprosjektet « Clean Nordic Oceans (CNO)», arrangerte ein tre dagars workshop på Runde om spøkelsesgarn og anna havforsøpling frå fiskeriverksemnda den 23. til 25. oktober. Fagpersonell frå Norge, Sverige, Finland, Danmark, Grønland, Island, Holland, Tyskland og USA tok del. På workshopen vart det presentert erfaringar frå utviklingsarbeid om korleis ein skal finne og ta opp igjen tapte fiskereiskaper og korleis ein skal i størst mulig grad gjenbruke materialet.

Clean Nordic Oceans (www.cnogear.org) er eit nordisk nettverk der nordiske land samarbeider for å dele kunnskap og erfaring om metodar og målingar for å redusere effekten på spøkelsesfisking som forureinar verdshava. Leiar for prosjektet er Gjermund Langedal frå Fiskeridirektoratet.

Tapte garn – ein ressurs eller eit berre eit tap?
Dei ulike representantane i nettverksgruppa var i tre dagar på Runde og diskuterte korleis ein skal dokumentere og registrere tapte fiskereiskaper i sjøen og om det er formålstenleg å ta dei opp frå havet?

Gruppa diskuterte også på om det er mogleg å resirkulere reiskap på ein god og økonomisk måte og er infrastruktur og logistikk på land god nok til å ta imot dette? Fiskereiskap er ofte av dårlig kvalitet og dette fører til at det blir vanskeleg å  resirkulere desse garna. På siste dagen diskuterte gruppa om det var mogleg å få til eit system der vi kan få dekka kunnskapshol og bygge opp eit varslingssystem hjå fritidsfiskarar.

Arbeidd med spøkelsesgarn sidan 80-talet.
Fiskeridirektoratet starta arbeid med oppreinsking av tapte garn heilt tilbake på 80 talet. Nils-Roar Hareide frå Runde Miljøsenter orienterte på seminaret erfaringar frå sitt arbeid med spøkelsesgarn i Nord-Atlanteren for ein del år sidan og kunne konkludere med at dette arbeidet er like aktuelt i dag som for 20 år sidan.

Resirkulering er utfordrande
Mykje av dei garna som er tapt er av for dårleg kvalitet og kan ikkje bli brukt om att eller resirkulert.  Andrea Stolte frå WWF fortalde om testing av gjenbruk eller resirkulering av garn som dei tek opp av havet,  der dårleg tauverk øydelegg maskinene på land.

– Dei vert berre til mjuke og små uhandterlege fibrar, som ull på ein måte, og dei sett seg fast i maskinene og øydelegg dei, dette ikkje spesielt bra, seier Andra Stolte frå World Wildlife Fond (WWF).

Fiskegarnprodusentane er viktige
Nils-Roar meiner at vi må ikkje gløyme å involvere fiskarane  dei som produserer garna. Desse må vere med på å ta ansvar for å hindre at fiskereiskap blir mista eller dumpa.

Myndigheitene må utvikle eit regelverk for korleis garn skal ha eit liv frå vogge til grav? I regelverket bør det gå fram korleis dei som lagar nett kan lage garn som er lette å resirkulere? Kan dei designe eit garn med god kvalitet som er lett å gjenbruke eller resirkulere? Spør Hareide. Hareide meiner at dei er ein del av bilete her for å få til endringar.

Betre oversikt på i fritidsfiske
Fritidsfiske og rekreasjonsfiske har ikkje vore dokumentert på same måte som den kommersielle fiskerinæringa. Alle land har forskjellige måtar å registrere tapte fiskereiskap, men hittil har det ikkje vore fokus på fritidsfiskarar, og tala frå Norge viser at det vert plukka ein god del fiskeutstyr frå fritidsfiskarar.

Gruppa diskuterte også korleis ein skal auke kunnskapen om korleis ein aktørane på mest mulig vis kan  skal bruke fiskreiskap på ein ansvarlig måte. Det er vanskeleg å nå ut til alle som driv med fritidsfiske, med kunnskap om korleis handtere tapt utstyr. Vi må få til betre ordningar knytt til dette, seier Gjermund Langedal frå Fiskeridirektoratet.

– I Fiskeridirektoratet har vi hatt utfordringa om korleis kan vi få fritidsfiskarar til å varsle når dei mistar til dømes garn, krabbe- og hummarteiner, og vi trur vi har funne løysinga i form av ein app der fiskerane kan varsle direkte  til Fiskeridirektoratet. Appen (namn: fritidsfiske) ble lansert sommaren 2017 og har vært en suksess i samarbeid med Norges dykkerforbund og en del andre, avsluttar Langedal.