Langs kysten av Noreg skjer det akkurat no ei stor hending som svært få kjenner til. Den vesle avlange fisken sil (tobis) har sidan juli vore nedgravne i sand på havbotnen. Like før jul byrja den å kome opp for å gyte. I slutten av januar grev han seg ned igjen og kjem ikkje opp igjen før til våren då plankton er tilgjengeleg som føde. Sil er ein svært næringsrik fisk og er no viktig mat for torsk og sei utanfor Møre medan dei ventar på at silda skal kome sørover for å gyte. Sil er også svært viktig mat for sjøfuglane. Når silen kjem opp igjen frå sanden i mars-april ligg lundefuglen klar til å fange den. Sjøfuglane på Runde er derfor svært avhengig av at silen har suksess med gytinga si. - Sil er ein av dei viktigaste fødeartane for dei fleste sjøfuglane i Noreg. Trass i dette er bestandane og biologien til sil langs Norskekysten ikkje kartlagt. Vi har starta opp med kartlegging av sil ved Runde, seier Nils-Roar Hareide, forskingsleiar ved Runde Miljøsenter. Runde Miljøsenter forskar på sil Roger Kvalsund, marinbiolog ved Runde Miljøsenter har nett fått 40 ferske sil frå snurrevadbåtar inn på tørrlaben ved Runde Miljøsenter. Det er teke prøver av sil i gytetida, som er rundt årsskifte. Silen kjem opp frå dvale like før jul og forlèt sedimentet for sverming før han vender tilbake til dvaletilstanden etter om lag ein månads tid. Silen som Kvalsund undersøker er teken frå magen til torsk som har blitt fiska utanfor Runde. Ved Miljøsenteret kartlegg biologi, leveområder og årsklasse av denne arten. - Eg skal no mellom anna undersøke silen som vi har fått inn og sjå på kor gamle dei er ved hjelp av øyresteinane deira og kva kjønn og storleik dei har, fortel marinbiolog Kvalsund. 090117_8_pl-copy - Otolittar er øyresteinar som fisk har. Ein kan sjå alder til fisk ved å studere ringane på øyresteinen. Lyst parti er om sommaren og mørkt parti om vinteren (Foto: Roger Kvalsund) Dette arbeidet er eit viktig bidrag for å auke kunnskapen om ein av dei viktigaste fødeartane for sjøfugl. Genetiske prøver er tatt og dei er sende til DTU Aqua i Danmark for å fastslå om den lokale silen er frå same bestand som sil lengre sør langs Nordsjø-bassenget. - Dette er av verdi for å gi kunnskap om rekruttering og larvedrift, informerer Kvalsund. Meir kunnskap om lokal sil vil vere med på å gi svar på årsakene til den dramatiske nedgangen i sjøfuglbestanden på Runde og resten av Nord-Atlanteren.   nils-roar-og-roger-kikkar-pa-fangsten-av-sil - Nils-Roar Hareide (leiar ved RMS) og Roger Kvalsund er i laben ved Runde Miljøsenter. Dei sjekkar ut silen dei nett har fått inn.  sil-fra-januar-2018 - Bilete av sil