Runde Miljøsenter er partner i EU-prosjektet NEXOS.
Prosjektet har som oppgåve å utvikle ein ny generasjon av marine sensorar som skal vere effektive, billige og pålitelige. Dei skal og vere små og bruke lite straum. 1.-3. april i år er Runde Miljøsenter vertskap for eit møte der alle partnerane deltek.
Dag 2 og 3 er avsett til «Industri workshop» der den maritime og marine industrien på Søre Sunnmøre blir invitert til kontaktskaping og idémyldring.

Her er muligheiter for knyte seg opp til den leiande ekspertise innanfor marin sensorteknologi i Noreg og Europa.

Det er og lagt opp til at deltakarane skal besøke bedrifter maritime og marine bedrifter i regionen.

I prosjektet er Rolls Royce, Havila Shipping med som assosierte partnerar og er med i styringsgruppa for prosjektet. Statoil går inn som samarbeidande bedrift.
Leif Vartdal (RR) Svein Rune Smådal (Havila) Christian Collin Hansen (Statoil) skal ta del i styringsgruppe møte på vegne av sine respektive selskap.

Les meir om Runde Miljøsenter sin deltagelse i prosjektet.