Sidan oppstartsmøte i januar har nettverket vi oppretta vore veldig aktive. Nettverket er flinke til å dele med kvarandre.  Vi har med anna fått opplæring i feltet av næringslivet som er interessert i å endre seg og vere med å delta i innsatsen som marin forsøpling førar med seg. Dei frivillige som rydder har eit nettverk å støtte seg til når dei har utfordringar og treng hjelp, og dei kjem verdifulle innspel inn mot tiltak og løysingar som gjer havet vårt reinare.

Sidan oppstart har vi samla mykje spørsmål, fått til samarbeid og hatt ei større røyst ut til samfunnet og aktørar som er aktive i forsøplinga. I september hadde vi ei mindre nettverkssamling, der vi kombinerte rydding, arbeidsverkstad og samling for nordre del av Sunnmøre.

No arrangerer vi eit større seminar igjen 2-3 november, med overnatting, bevertning og kunnskapsdeling. Me tek omsyn til dei frivillige sin arbeidskvardag og sett seminaret til ei helg.

Tid: Laurdag 2.november kl. 12:00 til søndag 3.november kring 13:00.

Frivillige, frivillige organisasjonar, offentlege institusjonar, næringsliv og andre interesserte er invitert inn til å gå igjennom ryddeåret 2019.

Følg oss gjerne på Facebooksida vår: Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre. Der held vi medlemmar aktivt informerte og deltakinga i forumet frå medlemmar er høg.

 

Påmelding til seminaret i november her 

Program: Workshop 2 – 3 november NEIFORSØPLINGSUNNMØRE