Runde Miljøsenter har hatt besøk av marinbiolog Cristoph Noever (UiB) som var her å undersøkte nebbkvalen som vart funnen i Goksøyra.

– Han har med anna nytta vårt laboratorium for å kikke nærare på funnet. Vi er stolte av å kunne tilby slike lokaler for forskarar som kjem på besøk – i dette tilfelle Cristoph, seier kommunikasjonsrådgivar Charlotte Hauge

Nebbkvalen hadde lite plast i seg, men mykje nebb frå akkar.

Ta gjerne kontakt med oss viss de finn stranda kvalar. Cristoph Noever og Nils-Roar Hareide undersøker gjerne.

(Viltnemnda har fått beskjed og vil ta seg av handteringa av den stranda kvalen).

Lokalavisa Vestlandsnytt dekka saka, den kan du lese her.

Foto: Bjørnar Torvholm Sævik