Harald Grytten og Inger Giskeødegård er naustfrelste. Dei har reist langs heile Sunnmørskysten på jakt etter gamle naustperler som dei dokumenterer og brukar som inspirasjon til kunst og til ord. Dei nye nausta kan vere fine, dei også. Men dei manglar ofte sjel der dei står som tinnsoldatar ved sjøen. Dei gamle nausta har form og material som er tilpassa plassen dei ligg, seier Grytten. Førstkomande søndag får vi møte ordkunstnar Harald Grytten, biletkunstanar Inger Giskeødegård og fotograf Peder Otto Dybvik på Runde Miljøsenter. Dei tre har gitt ut ei naustbok for eit par år sidan og har ei bok til på beddingen. Og ytre Søre Sunnmøre blir ofte besøkt for å finne objekt til nyeboka. Vi er ivrige etter å dokumentere og formidle det desse bygga i sjøkanten vitnar om, seier Harald Grytten, som påstår at tida er i ferd med å renne frå han. I årevis har Grytten, Giskeødegård og Dybvik farta omkring for å skaffe seg kunnskap om naustveggar, takvinklar, naustdører, material, farge og plassering. Først og fremst er dei fasinerte av korleis dei gamle nausta gror inn i, og ofte ut av, naturen ikring og kor godt dei passar inn. For Grytten og Giskeødegård handlar naustprosjektet om historie, kunnskap og estetikk. Dei står der så stillferdige at det er lett å gløyme dei, seier Grytten, som i 40 år har engasjert seg i naust, og altså vil gjere sitt for å få dei fram i lyset. Og Herøy er ein av yndlingsplassane for å finne stadig nye perler. Og i kafeen blir det servert god heimelaga middag og kaffimat. Arrangementet startar klokka 15.
 Harald Grytten. Foto: Ukjent.

Harald Grytten. Foto: Ukjent.