24.mai var  elever frå fyrsteåret ved Ulstein Vidaregåande skule på naturfagdag ved Runde Miljøsenter. Dei 125 elevane fekk testa seg i  dissekering av makrell, sjå Line prate om mikroplast på nrk.no, høyre og teste seg i fuglesong, sjå ulike fugleartar og fått sett eit utval av små og litt større dyr og insekt som lever i fjøra.  Ein feltdag utanfor klasserommet var lærerik og kjekt. - Dette var spennande! Venninnene Isabel Parto Sjåstad (16), Ida Margrete Svoren (17) og Shruthi Vamathevan (16) var einige om at dagen har vore spennande og interessant. -Dissekeringa gikk greitt, vi hadde grua oss litt til det, seier Shruthi, medan Ida Margrete nikkar. - Eg syns eigentleg alt var kjekt, seier Isabel, men kjekkast var nok dissekeringa og stasjonen ute der vi fekk sjå dyr og sånt frå fjøra. - Dessutan var det kjekt å få vere her ute i staden for å sitte inne på skulen og lære det frå ei bok, no fekk vi faktisk både sjå og gjere det sjølv, seier Ida Margrete, som aldri har dissekert ein fisk før. img_1528 På bilete: Isabel, Shruthi og Ida Margrete var nøgd med dagen. På bilete øvst ser vi leiar ved Runde Miljøsenter, Nils-Roar Hareide, som syner fram denne fisken sin kamuflasje i vatnet. Slik kan dei unngå å verte etne eller bli sett når dei skal fange noko. - Veit de kva fisk det er? Spør Nils-Roar. - Ein makrell! Høyrer vi i frå ein av elevane. Dei fleste av elevane har aldri vore borti ein heil fisk før, så det var nok ei ny oppleving for dei. Vi håpar sjølvsagt at den var god. studering-av-sjostjerne-naturfagdag-ved-rms-mai-2018 På bilete: Elevar studerer kvar dei finn munnen på sjøstjerna.   kva-er-inne-i-munnen-til-makrellen-naturfagdag-ved-rms-mai-2018 På foto: Har makrellen tenner? Eit av spørsmåla under dissekering av makrell.   Runde Miljøsenter takkar for besøket og ynskjer også andre skular velkomen til senteret for å ha naturfagdag. Det er berre å ta kontakt!   Alle foto: Runde Miljøsenter