Då er det enda ein gong tid for å løfte fram det frivillige engasjementet til strandryddararne på Sunnmøre! Her frå seminaret i november 2019. Foto: June R. Johansen, Sunnmøre Friluftsråd


MERK: GRUNNA KORONA UTGÅR DET FYSISKE SEMINARET OG ERSTATTAST AV EIT DIGITAL!!! 

INFO OM DET DIGITALE SEMINARET ​FINN DU HER!

Nettverk Marin Forsøpling Sunnmøre inviterer på seminar om plast i havet!

Seminaret er opent for alle som er interessert i temaet - private, næringsaktørar, offentlege institusjonar - her er alle velkomne! I nettverket trur vi på at samarbeid er den beste måten å løyse utfordringar knytt til plast i havet!

På seminaret kan du få møte engasjerte frivillige strandryddarar, forskarar, private næringsdrivande og offentlege forvaltningar – alle vil fortelje om korleis dei jobbar med temaet og saman vil vi tenke ut nye løysingar.

Laurdag 14.11. kl. 10-18 har vi faglege innlegg og diskusjonar. Dei som har lyst på meir sosialt samvær kan kome allereie på kvelden fredag 13.11. til middag og mingling.

Heile arrangementet går føre seg på Melshorn Hotell på Hareid. Nettverket dekker mat og opphald slik at arrangementet er gratis å delta på.

Programmet er enda under arbeid, men vi har så langt fått med dagleg leiar for Egersund Herøy AS, Vidar Knotten. Egersund Herøy AS er ein totalleverandør av trålreiskap, nøter og handelsvarar til fiskeflåten. Dei leverer også utstyr og løysingar til offshorenæringa og landbasert industri og vil fortelje korleis dei jobbar med marin forsøpling.

Paul Harald Leinebø har lang fartstid i fiskeriet, i organisasjonar og eigar i dag mellom anna langlinebåten Leinebris og eksportselskapet PHLSeagold. I sommar tok han eit oppgjer med eiga næring på toppen av Rundabranden som formann i FiskebåtVest og unnskylde for fortidas plastsyndar. Paul Harald Leinebø vil fortelje om endringane som har skjedd i næringen og korleis Leinebris jobbar for å unngå marin forsøpling.  

Vi har også med oss Jakob Bonnevie Cyvin frå NTNU. Jakob er ein av de forskarar som har undersøkt mikroplast langs kysten av Trøndelag, og som nå har søkt prosjektmidlar for å undersøke kysten på Sunnmøre. Jakob vil også ta med seg et berbart spektrofotometer som på et augeblikk kan avsløre kva for type plast strandfunna våre er laga av.

Vi skal høyre frå aktive frivillige strandryddarar om korleis dei jobbar og tilstanden på dei strendene dei ryddar.

Havforskingsinstituttet har laga ein modell for kor plast strandar her i området og vi skal sjå om den stemmar overeins med erfaringane til dei som ryddar.

Dette og mykje meir kan du bli med på!

Program for seminaret:

Fredag 13.11.

Kl. 18:00 og utover: Ankomst og innkvartering

Kl. 20:20: Middag og mingling

Laurdag 14. november:
Kl. 10:00 - 18:00
Foredrag og workshops med forskjellige aktørar.
Lunsj
Innlegg frå frivillige og andre aktive ryddarar

Evaluering av ryddeåret 2020  
Vegen videre for nettverket 2021

Vi oppdaterer med eit meir detaljert program når vi har det klart.

Det er fullt mogleg å berre verre med på laurdagens program, ang ved påmelding om du ynskjer å vere med begge dagar eller berre laurdag.

Vi tek smittevern på alvor og legg til rette for eit trygt seminar for alle.

Frist for påmelding er torsdag 5. november! Påmelding er bindande og ein er fyrst sikra plass når ein er meldt på via denne lenken: https://bit.ly/2TNh3YF

Lurar du på noko så ikkje nøl med å ta kontakt med nettverkskoordinator Louise Tackmann, louise@rundecentre.no eller tlf. 93995853.

MERK: GRUNNA KORONA UTGÅR DET FYSISKE SEMINARET OG ERSTATTAST AV EIT DIGITAL!!! 

INFO OM DET DIGITALE SEMINARET FINN DU HER!

Det blir godt tid til prat og erfaringsutveksling undervegs. Foto: June R. Johansen, Sunnmøre Friluftsråd

Nettverkets arbeid er gjort mogleg gjennom støtte frå Handelens Miljøfond og Miljødirektoratet