Gjennom EU-prosjektet EfficienSea er dei sårbare områda langs kysten på Sunnmøre kartlagt i detalj. Tanken er at informasjonen på sikt skal kunne nyttast i planlegging av skipstrafikk, naudhamn og i samband med ulykker til sjøs. Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Runde Miljøsenter er involvert i EfficienSea. Bakgrunnen for prosjektet er behovet for effektiv, sikker og berekraftig sjøtrafikk langs kysten. Resultata av prosjektet og lenker til meir informasjon kan ein finne på heimesidene til Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Kart over pilotområdet som viser fiskeaktivitet basert på AIS.

Kart over pilotområdet som viser fiskeaktivitet basert på AIS.