Runde Miljøsenter har no starta prosessen med å bli miljøfyrtårn-sertifisert. Vi har frå første dag prøvd å vere miljøvennlege i drifta vår, men vi har ikkje dokumentert dette på tilfredsstillande vis. Det er vi i ferd med no, og vi reknar med å kome i mål med sertifiseringa tidleg på nyåret. Ei slik sertifisering hjelper oss til å bli meir bevisste på å gjennomføre ei miljøvennleg drift og få ein tydelig dokumentert miljøprofil.