Miljøfyrtårn 

Runde Miljøsenter ligg nært havna

Runde Miljøsenter ligg nært havna

Runde Miljøsenter fekk i 2015 utdelt eit sertifikat av Stiftelsen Miljøfyrtårn.

Vi ved Runde Miljøsenter vil gjennom å arbeide med vår miljøprestasjonar innan desse områda:

  • arbeidsmiljø
  • avfallshandtering
  • energibruk
  • innkjøp
  • transport

Stiftinga har gitt oss eit digitalt system og konkrete verkty for korleis arbeide med dei nemnte områda.

Vi vil også kontinuerleg fokusere på å vere mest mogleg grøn i tankegangen vår, der vi oppmodar tilsette og besøkande om å vere med på arbeidet. Dette arbeidet forpliktar oss til å arbeide aktivt med vår miljøprofil.

Runde Miljøbygg AS er allereie eit forbileteprosjekt for andre og vi nyttar tid på ha eit minst mogleg klimaavtrykk på vår arbeidsplass. Vi sorterar ressursar på arbeidsplassen og har dei same krava til dei som bur og leiger våre rom her ved senteret.

Vi oppmodar våre tilsette om å køyre og leve mest mogleg grønt.

Miljøfyrtårnsertifiseringa er Noregs mest nytta sertifikat for ulike verksemd som ynskjer dokumentere si miljøinnsats og syne fram samfunnsansvar, og vi er med på å gjere vår del.

Mange som Runde Miljøsenter i Noreg
Det er over 5700 verksemd som har dette sertifikatet i Noreg. Alt i frå små og mellomstore verksemder til store konsern og kommunar. Med dei tilpassa kriteria for over 70 ulike bransjar, gjer Miljøfyrtårn berekraft konkret og lønsamt.

Miljøfyrtårn-sertifisering vår er nytta av myndigheitene ved offentlege innkjøp, og godkjent som miljødokumentasjon i anbodskonkurransar.

Anerkjent i Europa
Miljøfyrtårn er også den fyrste nasjonale ordninga i Europa som er anerkjent av EU.

Sertifiserte verksemder kan leggje fram Miljøfyrtårn-sertifikatet som dokumentasjon når offentlege oppdragsgivarar i andre europeiske land gjennomfører konkurransar, og det er stilt krav om EMAS eller andre miljøleiingssystem.

Les meir om denne sertifiseringa på stiftinga sin nettstad: https://www.miljofyrtarn.no/