Søndag 21. september kl. 15.00-17.00 kjem Forskingsdagane til Runde Miljøsenter. Atle Døssland og Arnljot Løseth, begge frå Høgskulen i Volda, vil halde kvart sine foredrag om liv og tru på kysten vår på 1800-talet og framover. ATLE DØSSLAND: Naud og velstand. Kystsamfunna og fiskerinæringa kring 1814 Under 1814-feiringa har få brydd seg med å sette fokus på kystsamfunna. I uvanleg stor grad var dei norske fiskeria alt då eksportretta. Mestedelen av kystfolket var til gjengjeld avhengig av korn- og saltinnførsle frå utlandet. Dette innebar at fastlandssperringa i krigstida før 1814 måtte få drastiske følgjer. Men fisk vart no ekstra viktig for forsyninga innanlands. Dette kunne særleg fiskarbøndene på dei sørlegare delane av Vestlandet nyte godt av. Grovt sett vart det såleis naud i nord og velstand i sør. Atle Døssland er professor ved Historisk institutt, Avdeling for samfunnsfag og historie.   ARNLJOT LØSETH: Drukning, magi, tru og overtru i Fiskar-Noreg Fordommar og overtru var utbredde blant folk på 1800-talet og langt inn i det neste hundreåret, og nok meir blant kystfolk enn blant innlandsfolk. Tilværet var farlegare, og drukningsulykker prega dei fleste lokalsamfunna, og då i særleg grad nordafjells (nord for Stad). Foredraget vil ta for seg tenkesett og kollektivt syn på tilværet i Fiskar-Noreg på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet. Arnljot Løseth er professor ved Historisk institutt, Avdeling for samfunnsfag og historie. Søndag 21. september, kl. 15.00-17.00 Runde Miljøsenter, Runde, Herøy   Les meir om programmet til Forskingsdagane 2014 ved Høgskulen i Volda her: Program. Føredraga er gratis og opne for alle.