Sola har snudd og våren er i kjømda. Snart vendar fuglane tilbake frå varmare strøk, og hekketida startar. Vinterstormane har rast gjennom landet og dei har teke med seg uønskt gåver frå fjernt og nært, marin forsøpling.

Den 11. mars inviterer Hold Norge Rent og Runde Miljøsenter til ryddedugnad i fjæra på Runde. Målet er å rydde vekk søppel og skrot slik at vi minskar høve for at sjøfugl bygg reir og fôrar borna sine med tau og plastbitar. Ryddedugnaden vert opna av ordførar Arnulf Goksøyr og det vil vere ei matøkt med foredrag frå Malin Jacob (Hold Norge Rent)og Nils-Roar Hareide (Runde Miljøsenter)

Marin forsøpling trugar Noregs fugleliv.
På verdsbasis døyr minst ein million sjøfugl årleg på grunn av marin forsøpling, og problemet trugar også Noregs fugleliv. Dei siste åra har vi sett fleire bilete av sjøfugl i Noreg som byggjer fuglereir av garnrestar eller forer kyllingane sine med plastbitar. Fuglane forvekslar med anna plast med mat eller viklar seg inn i gamalt tauverk. Dette førar til store lidingar. Fugl svelt i hel, kvelast, druknar eller døyr av infeksjonar.

Før fuglane kjem
Prosjektet Før fuglane kjem er eit prosjekt som har som mål å rydde viktige hekkeområdar for marin forsøpling før hekketida startar, og før ferdselsforbodet trer i kraft. Fuglevenar har peika på at Strandryddedagen er lagt midt i hekkesesongen, og det er sjølvsagt ei utfordring. Fuglane er spesielt sårbare i eggleggings- og rugefasa.

Alle velkomen til foredrag og dugnad
Vi inviterer lokalbefolkning, politikarar, forskarar og andre interesserte til ein dag langs fjæra, der vi byd på lunsj, foredrag og båttur.

 

Program:

Kl. 12.00 – Oppmøte Runde Miljøsenter

Kl.12.05  – Opning av ordførar Arnulf Goksøyr (Herøy kommune)

Kl. 12.15 – Foredrag og lunsj

Kl. 13.00 – Få roder og ut å rydde

 

Avslutning på Runde Miljøsenter kl 17.00.

 

Open kafé i tida 13:00 – 17:00 der ein kan få kjøpe seg ein middag med meir.

 

Velkomen alle saman!