Marine Grunnkart er på veg inn i neste fase med lasermåling av kystsona på søre Sunnmøre.

 

hilde-sande-borck_kartverket

Dei fem kommunane, Sande, Herøy, Hareid, Ulstein og Vanylven, har i samarbeid med Runde Miljøsenter, Kartverket og NGU fått laga marine grunnkart for søre Sunnmøre. Desse karta har svært høg oppløysing og viser detaljar på sjøbotnen som ingen har sett før. Dei grunne områda langs land og fløder og skjær ute i havet greier ein ikkje å måle opp med båt, derfor har Kartverket no starta med sitt arbeid for å kartlegge kystsona med flyboren laser der båtar ikkje har fått tilgang til å sjømåle.

 

– Vi vil  tette gapet mellom land og sjø, der ein ikkje har høgdedata, seier Hilde Sande Borck, prosjektleiar for Kartverket sitt prosjekt Grøn laser søre Sunnmøre (GLaSS).

 

Detaljrikdom i karta – einaste i landet

Foto: Arnfinn Mauren

Foto: Arnfinn Mauren

Allereie har vi eit utruleg flott og detaljrikt kart over sjøen som synar oss korleis havbotnen og terrenget eigentleg er. Elles i Noreg har vi mykje meir grove kart. På søre Sunnmøre er det no opparbeidd kart som viser djupne på kvar einaste meter.

– Vi kan sjå detaljar i havet som vi ikkje har gjort før, fortel Nils-Roar Hareide dagleg leiar, Runde Miljøsenter. Ein får også betre data og modellar til bruk i forsking knytt til kystsona, slik som fuglane sine leveområde og naturtypane der dei hentar maten sin til.

 

 

anita-sundnes-200x300Anita Sundnes, kommunalsjef  teknisk i Ulstein kommune, fortel at målet er å dekke gapet mellom dagens detaljerte høgde- og djupnedata, slik at ein kan presentere ein saumlaus detaljert terrengmodell. Dette vil gi unik moglegheit for ei heilskapleg forvaltning av areala over og under vatn.

– For kommunane vil dette vere av stor verdi i arbeidet med kystsoneplanar, godkjenning av tiltak i sjøområda, og gje eit betre analysegrunnlag for plan- og beredskapsarbeidet,  seier Sundnes
Ver obs på låg flyging
Med fly kan ein dekkje større område raskare enn med båt. Kartlegging under vassflata med flyboren laser er likevel meir krevjande og dyrare enn tilsvarande kartlegging av landområde. Ved kartlegging av sjøbotn må ein fly lågare, og etterarbeidet med å få ut data er også meir krevjande.

– Viss du ser fly som flyr lågt, så er det berre fordi dei skannar kystlina,  orienterar Sundnes.

Beste tida for denne typen kartlegging
Tidleg på året har ein klårast vatn med best siktedjup, og mindre vegetasjon på sjøbotn. Ein må flyge  lågt og ein må ha dagslys, og samtidig ønskjer ein å fly når vasstanden er lågast mogeleg. I GLaSS-prosjektet flyg ein i periodane når vasstanden er under middelvatn.

Forseinka oppstart
Datafangsten skulle etter planen vore i gong i månadsskiftet februar–mars, men blei utsatt grunna problem med måleutstyr på flyet. Då utstyret endeleg blei friskmeldt i månadsskiftet mars–april, var det vêret som skapte problem. Fyrst i påska, den 13. april, kom ein i gong med kartlegginga.

– Det vart gjennomført kartlegging i fem dagar før vêret igjen slo seg vrang. I totalt er det estimert at vi treng 16 dagar med kartlegging, men avhenger av om vi får utnytta begge periodane med lågvatn eller ikkje. Om lag 27 prosent av området er kartlagt så langt, fortel prosjektleiar Borck.

djupneforhold-foto_runde-miljosenterFølgjer med på siktedjup og andre forhold
I samarbeid med Runde miljøsenter får Kartverket informasjon om målt siktedjup i området.

– Det er ikkje like god sikt i vatnet no som i februar, men det skal fortsatt vere gode nok forhold, seier Hareide.

Om forholda skulle endre seg og sikta bli dårleg, vil prosjektet kunne risikere å måtte sette kartlegginga på vent.

 

 

 

 

 

Fakta om prosjekt Grøn laser søre Sunnmøre:

  • Leverandør for datafangst og etterarbeid av data er TerraTec AS
  • Totalt 90 km2 med kystsone på søre Sunnmøre skal kartleggast. Dette omfattar djup ned til 5 meter under sjøkartnull (som er meir enn 6 «meter under havet»)
  • Kommunane Herøy, Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven er med i prosjektet
  • Samarbeider også med Runde miljøsenter, med anna om målt siktedjup i området
  • Kartlegginga skjer våren 2017
  • Leveranse av ferdig prosesserte data er venta i september 2017
  • Les meir om prosjektet på www.kartverket.no/prosjekter/glass