Vil du lage din eigen uro av plast?

 

Kunstworkshop på Runde Miljøsenter

Søndag 5. februar kjem kunstnar Gry Hansen ilag med Charlotte Hauge og saman vil dei ha ein workshop med familiar, born, unge, eldre som ynskjer å vere med å lage kunst til utstillinga, ev ta med heim. Det vil ikkje vere eit eige foredrag denne søndagen, men eit familiearrangement der Charlotte og Gry bidreg med kunnskap om plastforsøpling.

Hente plast frå stranda di
Gry og Charlotte vil at alle som skal delta på workshopen tek seg ei lita tur i fjøra og samlar litt plast sjølv. Sjå etter både smått og stort, fargerikt og mindre fargerikt. Ta ein rask vask over plasten før du tørkar den.  Vi skal binde kunstverket til stranda den kjem i frå. Gry og Charlotte har også samla litt plastsøppel, så det skal nok bli nok av dette materialet.
Alle er hjartans velkomen til ein kreativ og informativ dag på Runde Miljøsenter.

 

Vil du lage din eigen uro av plast?

 

Opa utstilling og open kafe frå kl 13:00 – 17:00