Kunstnarane Astrid Runde Saxegaard og Samuel Olou har no satt i gang si veke med kreativitet på Runde. Dei arrangerer ein Artist Residence ved Runde Miljøsenter (RARe) for fokus på forsøpling av havet. Dei nyttar Runde Miljøsenter som base og vil ha utstilling komande fredag og laurdag.

I desse dagane skal dei samle inn materiale og lage installasjonar og kunstverk som andre kan kome å sjå på fredag og laurdag.

Primus motor bak dette prosjektet er Astrid Runde Saxegaard, og som de skjønnar av namnet så kjem familien hennar frå Runde, men ho er busett på austlandet.

– Tittelen på prosjektet er Eg veljar meg Runde.  Ved bruk av materiale som vi finner på staden vil det lages kunstinstallasjonar.  Prosjektet vårt har fokus på miljø, forsøpling i havet og det globale ansvaret for handling, fortel ei engasjert Astrid som er røynd kunstnar og arbeider med mykje forskjellege typar materiale i sine kunstverk.

Deltakarar i prosjektet er Astrid Runde Saxegaard, Samuel Olou og Isaac Kojo Biney Aggrey.  Oluo er med som kunstnar og rådgivar, fordi han har erfaring med å arrangere Artist Residence tidlegare. Den siste han arrangerte var KARP Kamina Artist and Researchers Residency Platform i Togo, hausten 2017. Isaac Kojo Biney Aggrey er invitert fordi han som kunstnar og aktivist arbeider med fokus på forureining i havet.

– Det vert for tida arbeidd med å skaffe besøksvisum til Norge for Aggrey, det har ikkje lukkast, sukkar Astrid.  Men ho trur det likevel vil verte eit flott arrangement sjølv om ikkje han kan vere tilstade.
– Viss vi er heldige, så får han vere med på dei siste dagane, fortel ho.

Følg gjerne med facebooksida til Runde Miljøsenter for å sjå kva dei finn på undervegs denne veka.


Runde Artist Residence (RARe) denne veka:

Måndag til onsdag: Kreativt arbeid

Torsdag: Kunstnarsamtale frå kl 16-18 (gjestar som ynskjer å vere med er velkomen)

Fredag og laurdag: Utstilling inne og ute ved Runde Miljøsenter – Velkomen! Senteret er ope frå kl. 11-17.


 

astrid

Astrid fisker etter materiale