Korøving i havgapet

Bestill korpakke på Runde

Legg ditt neste songarrangement til naturskjønne Runde. Her får du bygge røysta og synge av hjartens lyst. Vi kan byde på eit klangfullt lokale og eit vakkert landskap, der de kan få servert god og næringsrik kost og overnatte i våre mjuke senger. Velkomen hit!

E-post: booking@rundecentre.no

Telefon: 7008 0800

Korpakke

1 dag

frå 495 kr

Tilbodet gjeld frå

minimum 10 personar.

Dagpakke for korsamling i havgapet 

Tilbodet inkl. 

  • Varm lunsj med dessert og kaffe/te
  • Ei servering av kaffe/te under møte
  • Flotte øvingslokale med sjøutsikt

Vi kan skreddersy di oppleving. Be gjerne om tilbod på guida omvising i utstillinga, pausemat eller kvifor ikkje avslutte dagen med ein koseleg middag?

Korpakke

2 dagar

frå 1 495 kr

Tilbodet gjeld frå

minimum 10 personar.

Lunsj til lunsj pakke for korsamling i havgapet 

Tilbodet inkl. 

  • check
    Overnatting i delt leilegheit med sjøutsikt og frukostbuffé
  • check
    Vi pynter opp til ein selskapsmiddag
  • Servering av varm lunsj og kaffe/te begge dagar 
  • To serveringar av kaffe/te under møte
  • Flotte øvingslokale med sjøutsikt

Vi kan skreddersy di oppleving. Be gjerne om tilbod på guida omvising i utstillinga, pausemat eller kvifor ikkje oppgradere lunsjen med ein dessert?

Med over 50 års erfaring som kordirigent, veit eg at av og til kan det vere kjekt for eit kor å reise litt heimanfrå til øvingshelg ein stad der alle i koret er til stades heile tida.


Det å kunne kombinere det musikalske og det sosiale ei heil helg kan ofte vere ei viktig vitaminsprøyte i korsamanheng.


Runde miljøsenter er ein spennande stad ytterst i havgapet.


Sidan eg har vore på Miljøsenteret med mine kor fleire gongar har eg erfart at utstillingslokalet i andre høgda har ein fantastisk god akkustik for korsong, og for ikkje snakke om utsikta rett mot Godøya og Ålesund, der falla og skjergarden med Grasøyane fyr ligg midt i mellom. I rufsever kan det vere spektakulært å sjå kor veret og storbåra boltrar seg der ute!


Elles har Miljøsenteret mykje interessant å by på. Trivelege og kunnskapsrike tilsette som er behjelpeleg med det meste. Her er utstilling av den dramatiske forurensinga i havet til skade for både fugl og fisk. Ei stor samling utstoppa sjøfugl, delar av Rundeskatten, med kopi av skuta Akerendam, og mange interessante ting derfrå. Filmen om ”Havets sølv” er tilgjengeleg. Spennande og informativ!


Og det kan kanskje bli tid til ein rask fjelltur til Rundabranden, eller Runde Fyr. På våren vil Lundeura vere ei fantastisk oppleving også når tusenvis av Lundefuglar kjem inn frå havet i kveldinga, eller kanskje berre ein spassertur i fjøra.


Runde Miljøsenter har både overnatting og matservering, så dette kan vere eit flott og annaleis alternativ til ulike hotell-tilbod om liknande opplegg.


God øvingshelg! 

Robert Skeide/ Kordirigent

Med oss kan du...

Med oss kan du bu i leilegheiter med utsikt 

Vi leiger ut moderne leilegheiter heile året, og her kan du nyte naturen rett utanfor stoveglaset. 

Med oss kan du spise eit måltid i havgapet

Senteret har alle rettigheiter, og kan tilby små freistingar så vel som smakfulle lunsjmenyar og finare middagsrettar.

Med oss kan du bli med på ei guida omvising

Gjennom ei guida omvising kan du lære meir om havet, fuglefjellet og Rundeskatten

Be om eit tilbod i dag!

E-post: booking@rundecentre.no
Telefon: 7008 0800

Besøk oss i havgapet