Kurs, konferanse og selskap på Runde Miljøsenter

Med si plassering midt i havgapet er Runde ein spektakulær stad for kurs, konferansar og selskap, året rundt. Senteret er intimt og innbyr til både effektivitet og avslapping. Særleg godt passar fasilitetane til lunsj til lunsj-møte og seminar/kurs over fleire dagar – mange av våre kundar melder tilbake om at gruppa vert samansveisa på ein heilt spesiell måte.

Kapasitet

Auditorium

  • Konferanseoppsett m/bord: 60 personar
  • Kinooppsett: 100 personar

Møterom

  • Møterom med sjøutsikt: 14 personar

Selskapslokale

  • 1. etg. selskapslokale: 100 personar
  • 2. etg. selskapslokale: 80 personar

Ønsker ein å nytte begge etasjar er det sitteplass til 120 personar.

Stort auditorium med prosjektor, internett og lydanlegg på Runde Miljøsenter.

Stort auditorium med prosjektor, internett og lydanlegg. Her er det plass til 100 personar.

Møterom med sjøutsikt og prosjektor, internett og lydanlegg på Runde Miljøsenter.

Møterom med sjøutsikt og prosjektor, internett og lydanlegg. Her er det plass til 14 personar.

Selskapslokale med plass til 100 personar på Runde Miljøsenter.

Lyse selskapslokale i 1. etg. med sjøutsikt. Her er det plass til 100 personar.

Servering - mat frå havet

Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. Senteret har alle rettigheiter, og tilbyr enkle lunsj- og middagsrettar så vel som finare middagar.

Ta kontakt for tilbod.

Mat frå havet på Runde Miljøsenter.

Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet.

Pustepause i naturen

Pausene på Miljøsenteret må bli annleis enn på andre kursstadar og forskingssenter. Både fuglefjellet og fjøra er lett tilgjengeleg for vandreturar til alle årstider, og båtturar til lundeura er ei flott oppleving, særleg om våren. Vi administrerer turar med båten «Lophelia», som tek inntil 12 personar.

På sjølve senteret tilbyr vi både spennande foredrag av ulike slag og omvisingar i utstillingane våre. Utstillingane tek føre seg både fuglelivet på øya, den velkjende Rundeskatten og den prisvinnande dokumentarfilmen Havets sølv.

Les meir om aktivitetar...

Bli med på ein guida fottur til fuglefjellet på Runde.

Bli med på ein guida fottur til fuglefjellet.

Overnatting i moderne leilegheiter med sjøutsikt

Runde Miljøsenter har totalt plass til 40 personar foredelt på åtte moderne leilegheiter. Kvar leilegheit har godt utstyrt kjøken med spiseplass, så det eignar seg godt for sjølvhushald. Det er også ei stove med flott havutsikt og eit fint bad med dusj. Sengeplassane er fordelte på eit enkeltrom, eit twin-rom og ein komfortabel dobbel sovesofa i stova. Alle leilegheitene har TV og gratis internett. Det er også godt med parkeringsplass.

Til grupper serverer vi god frukostbuffet på førespurnad. Ved behov kan vi også hjelpe med å finne fleire overnattingsplassar på Runde.

Les meir om overnatting...

Stove i leilegheiten med tv og sjøutsikt på Runde Miljøsenter.

Moderne leilegheiter med sjøutsikt.