Miljøsenteret hadde besøk av Yuji og Makiko Tanaka frå Universitetet i Tokyo 4-7 januar 2016. Yuji er professor i marin biologi ved universitetet. Han ønskjer samarbeid med miljøsenteret, særleg innafor fagområda havenergi, tang og tare og fiskeriressursar. Gjestane fekk sett seg rundt i kommuna og var m.a. om bord i Kings Bay og Havila Subsea, for orientering om slike moderne båtar. Fotoet syner gjestane og Roger Kvalsund ved Marine Harvest sitt anlegg på Eggesbønes, de dei også fekk omvising. Lars Golmen er svært nøgd med besøket og diskusjonane og skal snart til Tokyo for oppfølgjande møter omkring samarbeid og avtalar.