I november har det vore stor aktivitet på Runde og Miljøsenteret. Eit av besøka var frå Irland. Ein gjeng hyggelege fiskarar og forskarar hadde funne vegen til Sunnmøre og Runde for å lære av den sterke fiskerinæringa her i regionen. Etter hektiske dagar på ulike bedrifter i regionen, var dei mektig imponert av det dei hadde fått sjå. Sosialt og hyggjeleg samvær vart det òg rom for. Her nyt Alan McCullan og resten av delegasjonen ein vellukka middag og kveld hos oss på Miljøsenteret. På menyen stod sjølvsagt lokal sjømat. Velkomne tilbake, det var eit hyggjeleg besøk