Invitasjon til mandagsklubb - «Havromet, grønt skifte og omstilling!!»

26.september kl. 18.00 på Redarrommet – Thon Hotel Fosnavåg​

Maritime Forening for Søre Sunnmøre (Mafoss) Fosnavåg Ocean Academy, Fosnavåg Shippingklubb og Runde Miljøsenter inviterar til idemyldring om: Havromet, grønt skifte og omstilling!!!

Det viktigaste målet med samlinga er å få fram dei gode ideane for korleis næringslivet på Søre Sunnmøre skal overleve og utvikle seg vidare i den turbulente tida vi er inne i.

Dei fleste spør seg:

  • Kvar er dei nye ideane?
  • Kva kan ein tene penger på?
  • Kva skal det samarbeidast om?
  • Kva skal det forskast på?
  • Kva kan subsea-teknologien brukas til utanom olje og gass?
  • Korleis kan vi bli meir effektive?
  • Nye fiskeri?
  • Andre ressursar?

Kort innleiing ved:

  • Håvard Stave, Fosnavåg Ocean Academy
  • Hallvard Ulfstein, Fosnavåg Shippingklubb
  • Terje Høybakk, Mafoss
  • Nils-Roar Hareide, Runde Miljøsenter

Arrangementet er gratis, men av hensyn til matservering treng vi skriftlig påmelding!

Påmelding innan: mandag 26 september