Runde Miljøsenter (RMS), Innovasjon Norge (IN)og Forskingsrådet i Brasil (FINEP) samarbeider for å organisere eit nettverk av forskingsinstitusjonar og bedrifter i Norge og Brasil som skal samarbeide om forsking på djuphavet.

Hovudmålet for nettverket er å utvikle eit internasjonalt samarbeid innan energi, subsea og miljøforsking. Runde Miljøsenter ved Claudia Erber (marinbiolog) leiar arbeidet med denne nettverksbygginga og i løpet av 2017 resulterte dette arbeidet i to seminar i Brasil.

I 2018 skal RMS saman med Innovasjon Norge arrangere ein workshop i mars i Brasil og ein workshop i juni i Norge. Nettverket inkluderer 15 brasilianske og 10 norske partnarar.

 

Les meir på bloggen hennar her/ read more in her blog:

https://deepseainternationalconsortium.wordpress.com/