ICES, Det internasjonale råd for  havforsking (International Council for the Exploration of the Sea), vart danna 22. juli 1902 i København og har 20 medlemsland. Organisasjonen har hovudsete i København.

I byrjinga var ICES ein vitskapleg organisasjon som arbeidde med praktiske fiskerispørsmål, og eit tverrfagleg forum for marine studiar. I dag er ICES ein mellomstatleg organisasjon for havforsking, og eit rådgivande organ for fiskeriforvaltning i medlemslanda og EU.

Fjordårets møte i arbeidsgruppa var i Lisboa, og i år altså på Runde. Samanstilling og oppdatering av relevant informasjon dannar grunnlag for arbeidet til gruppa. Dette gjer dei for å bistå beslutningstakarar og styresmakter med råd omkring planar om utbygging og overvaking, som tek i vare både naturressursar og miljø i havet. Lars Golmen ved Runde Miljøsenter er norsk representant i  gruppa.

Snart er «halve Nordsjøen» full i vindmøller

– Vi skal sjå trendar for kva konsekvensar den nye og raskt veksande teknologien har verka inn på det marine økosystemet, seier Finllay Bennet frå Marine Scotland, leiar for gruppa.

Gruppa ser med anna på om støy kan påverke fisk, niser og delfinar. Korleis påverkar installasjonar i havet desse? Kommuniserer dei annleis når skip og installasjonar lagar støy i havet?

– Vi har også merka laks for å finne ut kvar dei reiser, kva rute dei tek og om dei reiser attende til elva dei er fødde i.  Vi registrerer kor mykje tid dei nyttar, kva djup  dei sym på. Denne registreringa skal forhåpentlegvis gi oss betre innsikt i om laksen vert påverka av installasjonar i havet, seier Bennet.

Forsøk med merking av fugl har gitt viktig informasjon om effektar av vindmøller.

Onsdag 18/4 inviterte Runde Miljøsenter til eit seminar der gruppa møtte andre for å dele av sin kunnskap om prosjekt som dei er med på. Representantar for lokal industri, Statoil og andre deltok.

Neste møte i gruppa vert i Ostende i Belgia.

Programmet: afternoon-seminar-wed-18april-at-runde-programme

Rapport: 01-wgmre-report-of-the-working-group-on-marine-renewable-energy-2017