Runde Miljøsenter og Bellona har inngått ein intensjonsavtale om å samarbeide for å kartleggje og forhindre marin forsøpling.
– Vi veit at problemet med plast i havet er stort, men kjenner for lite til korleis dette fordelar seg langs Norskekysten og kva konsekvensen kan være på lang sikt, seier forskingsleiar Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter.

Formålet med intensjonsavtalen er å konkretisere felles forskingsprosjekt for å kartlegge marin forsøpling og konsekvensar for fisk, fugl, sjøpattedyr og økosystem langs Norskekysten.
Dagens forståing av marin forsøpling som eit miljøproblem har brei appell, og ein opsjon for samarbeidet er at partane i fellesskap søkjer å utvikle incentiv og forslag til regelverk som bidreg til redusert plastforsøpling til havs. Ein viktig del av avtalen er også at nye funn og observasjonar om marin forsøpling formidlast på ein pedagogisk måte til myndigheiter og samfunn.

– Plastavfallet som hamnar i havet, er blitt ein gigantisk miljøutfordring som krev kunnskap, tiltak og handling. Runde Miljøsenter si plassering og kunnskapsbase gir meg tru på at vi klarar å sette utfordringane på agendaen på ein måte både sjøfuglen, kval og andre artar fortener, seier Frederic Hauge.

– Vi har jobba med marin plastforureining i og rundt Runde, men trenger meir kunnskap om forholda her og langs Norskekysten generelt. Plastforsøplinga kjenner ingen grenser og spreier seg over verdshava og utsetter økosystema for ei stor belastning. Bellona er den ideelle partnaren for å sjå problemstillinga med nye auge og å kommunisere forskinga og funna våre på ein effektiv måte, seier Nils Roar Hareide.
Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon. Miljøsenteret har infrastruktur for overvaking og forsking på miljøet og promoterer berekraftig teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon.
Miljøstiftelsen Bellona er en uavhengig, ideell stiftelse som arbeider for å utvikle bærekraftige og karbonnegative løsninger. Bellona arbeider for økt økologisk forståelse og vern av natur, miljø og helse. Bellona er engasjert i de viktigste nasjonale og internasjonale miljøspørsmål i verden i dag.

 

Her er pressemeldinga: pm-rms-og-bellona-sept-2017-v1