INGEN LUNDE II: Nordatlantisk sjøfuglseminar I samarbeid med Norsk Ornitologisk Forening og Norsk Biologforening. Kva skjer med sjøfuglane på Runde og i Nord-Atlanteren? Kva kan vi gjere? Tidligare var lunden (og andre sjøfuglar) viktig mattilskot for kystbefolkninga på Runde og langs kysten av Nord-Atlanteren, men no er dei som er att blitt mat for turistane sine teleobjektiv. Turistane kjem i tusental for å sjå dei spektakulære fuglane flyge inn frå havet om våren, men samtidig som lundeturismen aukar, er det stadig færre lundeungar som vert klekte. Forskarane meiner at noko skjer i havet og med lunden sin mat, men det er ikkje den einaste faktoren. (Kvar dreg for eksempel lundane om vinteren? Og kva skjer med lundane i dei områda der dei oppheld seg om vinteren?). Framleis finst det uløyste spørsmål. Det er ikkje berre på Runde og langs Norskekysten at noko er i ferd med å skje med sjøfuglane. Sjøfuglane er faktisk den gruppa av verdas fuglar som reduserast hurtigast. I heile Nord-Atlanteren har ein i seinare tid vore vitne til store reduksjonar i en rekkje sjøfuglbestandar som lunde, krykkje, havhest, lomvi og makrellterne med fleire. Kva er disse endringane symptom på? Og kva kan vi eventuelt gjere med situasjonen? For å få svar på desse og tilsvarande spørsmål har vi i årets sjøfuglseminar i regi av Runde Miljøsenter valt å trekkje inn forskarar frå eit vidare geografisk område. I tillegg til ekspertar frå Noreg, har vi no også med oss nokre av Europa sine fremste sjøfuglforskarar frå England, Skottland og Island. Dette muliggjer eit samanliknande perspektiv der situasjonen for fuglefjellet på Runde kan sjåast opp mot tilsvarande fuglefjell på Island, Skottland og Færøyene.

Velkomen til alle interesserte!


Tid og stad: 20.-21. april på Thon Hotel Fosnavåg

Meld deg på her!

Program her (norsk).   English programme.

Endeleg rapport og samandrag.

Presentasjonar frå seminaret:

Samandrag, frå deltakarane – Samandrag

Sarah Wanless – Lunde i Storbritannia

Sarah Wanless – Tobis som sjøfuglmat i Nordsjøen

Alice Trevail – Sjøfugl og plastforurensing

Marguerite Tarzia – Nye trender i sjøfuglforvaltning i Europa

Paul Shimmings – Forvaltningstiltak for sjøfuglbestander i Norge

Sigrid Elvenes – Sjøfuglenes geologi

Euan Dunn – Lunden som symbol for bevaring av sjøfugler i Storbritannia


Nokre kjende forskarar som kjem:

  • Dr. Euan Dunn frå England. Sjøfugløkolog og leiar av avdeling for marin politikk i foreininga Royal Society for the Protection of Birds (RSPB), som ikkje berre er Europas største fuglevernforening, men også Europas største naturvernforening med over ein million medlemmar.
  • Ornitolog Alv Ottar Folkestad. Mangeårig leder i Norsk Ornitologisk Forening og livslang erfaring fra sjøfuglforskning på Runde.
  • Dr. Erpur Snær Hansen frå Island. Sjøfugløkolog og forskingsleiar ved Sør-Islandsk Natursenter.
  • Dr. Tore Johannesen Seniorforskar ved Havforskingsinstituttet.
  • Dr. Freydis Vigfusdottir frå Island. Sjøfugløkolog, ekspert på rødnebbterne og forskar ved University of Exeter, Cornwall Campus i England og Icelandic Institute of Natural History.
  • Professor Sarah Wanless frå Skottland. Sjøfugløkolog og ein av verdas fremste autoritetar på lunde og forholdet mellom sjøfugl og tobis, samt forholdet mellom sjøfugl og menneskeskapte klimaendringar.

Tema og problemstillingar: KUNNSKAP OM SJØFUGL Kva skjer med sjøfuglebestandane på Runde og Norskekysten? I Storbritannia? I Nordsjøen? Og på Island, som har Europa sin største lundekoloni? I kva grad er dei dramatiske endringane som skjer for fleire av sjøfuglbestandane indikasjonar på meir djuptgripande endringar i økosystema i havet? Er desse endringane ein konsekvens av naturlege svingingar eller menneskeleg aktivitet i form av: – Klimaendringar – Fiskeriforvalting – Bifangst av sjøfugl – Miljøgifter som plastforureining – Petroleumsverksemd – Utilsikta rømming av framande artar som til dømes mink osb. – Mattilgang Paneldebatt: Når situasjonen på Runde og i Norge sjåast opp mot situasjonen på Isle of May i Storbritannia og på Vestmanaøyene på Island, kva konklusjoner kan ein då trekkje? Vil lunden overleve på Runde? Kva veit vi? Kva veit vi ikkje? FORVALTING Kva skjer innan nyare sjøfugl- og havforvalting i Europa og verda elles? Korleis vert hav- og sjøfuglforvaltinga i framtida? Korleis nyttast kunnskapen ein allereie har for at fiskeressursane og fuglefjellet som naturtype vert tilgjengeleg for framtidige generasjonar? Korleis bør fiskeressursane og sjøfuglbestandane forvaltast? FORMIDLING Korleis formidle? Kvifor formidle? Korleis kan vi bidra til at opplevingar av fuglefjellet vert innfallsport til eit vidare natur – og økologiengasjement? Korleis kan sjøfuglane som signalartar og fuglefjellet som karismatisk biotop nyttast som ein pedagogisk modell i formidlinga av desse viktige spørsmåla? VEGEN VIDARE Kva slags sjøfuglrelatert forsking, overvaking og formidling kan, eller bør, gjerast på Runde framover?   Kontaktpersonar: Nils Roar Hareide Tlf.: 412 91 107 eller 700 80 810 E post: nilsroar@rundecentre.no Michael Hundeide Tlf.: 466 22 828 e post: m.t.hundeide@sum.uio.no