Professorane  May-Britt og Edvard Moser held foredrag på Runde Miljøsenter laurdag den 28.juni kl 10:00 Dei skal fortelje om si banebrytande forsking om på hjernen.  Særleg har dei arbeidd med hugs og  har motteke fleire internasjonale prisar for dette arbeidet. I si forsking har dei mellom anna gjord oppdagingar som kan føre til nye behandlingsmetodar for Alzheimer. Laurdag 28. juni  kl 10:00 blir det foredrag med forskarparet Edvard og May-Britt Moser som begge er professorar i nevro-vitskap ved Kavli-instituttet ved NTNU. Med på foredraget blir også professor Georgy Buzsaki frå New York University. Foredraget er ope for alle og forskingsresultata vil bli presentert på ein måte som dei fleste kan forstå. Ekteparet med røter i Hareid og Herøy er blitt verdskjende for forskinga si på korleis hjernen hugsar stadar og retningar. Dei har begge motteke ei rekkje prestisjetunge internasjonale prisar for nyskapande og framifrå forsking innan sine felt. Mellom anna tok dei nyleg i mot  Horwitz-prisen frå Colombia Universitetet i USA, for funn som kan føre til nye behandlingsmetodar  for Alzheimers. Sjå http://www.smp.no/nyheter/article8764347.ece Edvard og May-Britt Moser er grunnleggarar av Kavli Institute for Systems Nevro Science, samt Centre for  the Biology of Memory ( KI/ CBM) ved NTNU i Trondheim. May- Britt Moser er også  leiar av Centre for Neural Computation.   Billettar kr. 60.