Havvind og miljøet

Det er mykje diskusjon om vindkraft til havs; om kva verknader anlegga kan ha på marint miljø og sjøfugl m.m. I utgangspunktet skal vindkraft vere eit positivt bidrag i omstillinga til eit utsleppsfritt samfunn. Ulempene må imidlertid belysast, dokumenterast og reduserast så mykje som råd. Lars Golmen ved Runde Miljøsenter er med i fleire arbeidsgrupper som omhandlar havenergi og miljøet. 27. april 2020 var det oppstartsmøte i arbeidsgruppa WGOWDF i ICES, Det internasjonale råd for havforsking (https://www.ices.dk). Gruppa skal ta for seg relasjonar og konfliktar mellom havvind og fiskeri, med fokus på nordlege Atlanterhav og Nordiske hav. Frå før er Golmen med i ICES WGMRE som omfattar havenergi generelt og marint miljø.
I 2018 arrangerte miljøsenteret årsmøtet i denne gruppa (http://rundecentre.no/internasjonal-arbeidsgruppe-fra-ices-besoker-runde/). Han er også med i det internasjonale energibyrået IEA si gruppe som femner globalt om dei same problemstillingane. Denne gruppa kom med sin «State of the science report» i 2016 (https://tethys.pnnl.gov/publications/state-of-the-science-2016). Rapporten kjem i ny og utvida utgåve i juni 2020. Så det er mykje internasjonal informasjon og kunnskap å hente om miljøverknadar av havvind både for utbyggjarar, styresmakter og ålment interesserte. Målet bør vere at også Norge bidreg med motsvarande studiar og kunnskapsbygging, seier Golmen.