11. januar arrangerte havenergisenteret ein workshop ved Tokyo university for 15 studentar frå Kina og Sør-Korea. Tema var klimaendringane og tiltak som tidevasskraft, bølgjekraft og havtermisk energi, OTEC. Studentane hadde førebudd korte presentasjonar av dei ulike teknologiane, der også moglege miljøkonsekvensar vart omtalt. Etter at alle hadde hatt sine innlegg med påfølgjande diskusjon, delte dei seg i tre grupper, ei for kvar av dei tre teknologiane. Det var kreative diskusjonar i gruppene, og dei oppsummerte med notatar på store plakatar som så vart hengt opp, for presentasjon. Studentane på Masternivå hadde ymse bakgrunn, nokre var ingeniørar, andre representerte samfunnsfag og anna. Likevel var det godt nivå på presentasjonane og workshopen. img_0923 img_0915 - Bilete frå workshop Lars Golmen