Vil du gjere noko kjekt med familien i haustferien?

Familiepakke på Runde Miljøsenter

- overnatting i leilegheit med sjøutsikt og familiebillett til Sunnmørsbadet

Haustferien 8 - 16 oktober 2016

Leilegheit for inntil 5 personar

1 natt kun kr. 2000,-

Leilegheit for inntil 5 personar

2 netter kun kr. 4000,-

INKLUDERT I PRISEN

  • Familiebillett til Sunnmørsbadet, 
    1 dag*
  • Oppreidde senger, handklede og vask av leilegheit ved avreise
  • Gratis parkering og internett

Om Runde

Runde er ein fascinerande stad heile året. Her kan senke skuldrane og nyte naturen rett utanfor stovevindauga. Med fjellet i bakkant og havet framføre deg har du flotte omgivnadar for korte og lange fotturar. I utstillinga på senteret kan du lære mykje nytt om miljø, fugl, fisk og historien om Rundeskatten. 

Opningstider 8 - 16 feb. 2016

Kafe og utstillinga
kl. 11 - 17

Nyt eit måltid i havgapet

I kafeen sel vi smørbrød, kaker, kaffi/ te og kioskvarer. Middag frå kl. 13.

Maten vi serverer er alltid heimelaga og ofte inspirert av havet. Vi veljer også i størst mogleg grad lokale, økologiske og rettferdige råvarer. 

Lasagnebuffet

Laurdag 8 og 15 oktober inviterer vi til Lasagnebuffet. Dette er ein favoritt blant barna. 175 kr per person. 

  • BESTILLING
  • AKTIVITETAR
  • SLIK BOR DU
  • OMTALAR
Ekte glede for små og store i det våte element.

Ekte glede for små og store i det våte element.

Besøk Sunnmørsbadet

Bestiller du overnatting i haustferien på Runde Miljøsenter for ei eller fleire netter spanderer vi ein familiebillett til Sunnmørsbadet. Nyt ein dag i det våte element. Det er kjekt for store og små.

Billett leggast leilegheita og kan nyttast under oppholdet. Oppgi tal på vaksne og barn i kommentar feltet ved bestilling av overnatting. Billetten kan nyttas for inntil 1 vaksen og 4 barn eller 2 vaksne og 3 barn.

Tilbod om familiebillett til Sunnmørsbadet gjelder bare ved bestilling av leilegheit med 2 soverom. 

Opningstider Sunnmørsbadet
Her kan du sjå opningstider.

Sjå utstillinga om Rundeskatten.

«Havets sølv» er ein storslått film om gigantiske sildestimar, ein skjør kyst og havdjupets fantastiske drama. Sjå filmen på storskjerm i auditoriet.

Sjå Rundeskatten og fuglane

Utstillinga fokuserer på informasjon om miljø, klima, naturen på øya, næringslivet i regionen m.m. Det er ei eiga utstilling om Akerendam-forliset i 1725. Vi visar også den mykje omtalte dokumentaren "Havets sølv" som er spilt inn på Runde. 

​Billettar

Vaksen: nok 85,-
Barn: nok 35,-
Pensjonist/ student: nok 55,-
Grupper (frå 15 pers.) nok 55,- per. pers.​

Leiker for små og store baren i kafeen.

Aktivitetar for barn

I kafeen kan du låne leiker til å ta med utanfor eller bruke i kafeen. 

Fjelltur med 360 graders havutsikt

Fjelltur med 360 graders havutsikt

Fjelltur på Runde og vandring i fjøra

På Runde finn du fleire stiar som egnar seg for korte og lange turar. På ut.no kan du få mange gode tips til kor du kan gå. 

Fjørevandring er spanande for store og små. På ei vandring langs fjøra på Runde kan du oppdage magfaldet på havbotnen etter at havet har trekt seg tilbake.